HEADBANGERS OPEN AIR XXII – Time for legends

HEADBANGERS OPEN AIR XXII – Time for legends

Lengtar du attende til Metal'ens gamle dagar når du tråva rundt som tenåring i tettsitjande olaklede eller er du ein retro-Metallar som støtt og stendugt uppdagar gamle godbitar frå 80-talet, so er Headbangers Open Air ved Brande-Hörnerkirchen i Tyskland festivalen for deg desse dagane: 24.-26. juli. Men det visste du vel frå før, um du har fått tak i den gjeve metalliserte 40 Euros billetten.
   Dersom ikkje, er det meir nyttig for deg å veta at Headbangars Open Air 2010 allereie har 6 band på plass, for årets festival er nemleg utseld.
   Neste år lovar arrangørane å sleppa til ROCK GODDESS, denne jentetrioen som rocka deira Metal so knasande bra; meir NWOBHM òg: Sunderland's BATTLEAXE, og ROXXCALIBUR som spesialiserar seg på å gjenskapa denne perioda. USA-veteranar i form av BLOOD FEAST, for Trasharane. Dei ferskare TRENCH HELL, for dei nyare die-hard-Metallarane. DER KAISER, er eg meir uviss på; uansett, lista for 2010 er allereie lagt høgt. 
   For gå attende til årets festival: Headbangers Open Air 2009 er den tolvte og festivalen har utvikla seg frå ein 3-bandskonsert til å få eit fyldig repertoar. Medan Wacken i grannelaget blandar programmet med eldre og nyare band konsentrerar Headbangers Open Air seg um 80-talet, når det gjeld…vel, skal me seia nitti prosent av banda,. Ei grum blanding av stilar òg, der bl. a. RAZOR – som tronar øvst på plakaten – HELSTAR, TANKARD og dei nye yndlingane WARBRINGER står for Thrash-delen. Tri namn som i seg sjølv skulle borge for ein jævla fest. Innanfor den meir progressive arten av Metal finn vi ANGELWITCH, MANILLA ROAD – legendar og atter legendar, trass i at Mark Shelton nok har hovudfokurset på gitaren og mindre på vokalen i Manilla Road for tida.
   Noko av det morosamaste vert å få sjå TANK på ei scene, her skal Algly Ward med, i alle fall den eine av Brabbs-gutane, køyra NWOBHM-Metal'n'rock'n'roll! I tillegg meir klassisk heavy som THE RODS, PRETTY MAIDS, tyske BULLET m. m.. METAL INQUISITOR heiter eit band. Har høyrt mykje um dei, men aldri høyrt dei, på HOA XXII har ein høvet. PARADOX står for Speed-/Power Metal'en og får fylgje av gutane i svenske ENFORCER som skulle vera kjende for dei som fekk med seg opninga av Metal Merchants i januar i år. Deira landsmenn i PORTRAIT, eit anna band frå dette tiåret, fortener òg umtale, har skaffa seg eit namn med sin nærme-det-tidlege-MERCYFUL FATE-uttrykket sitt. (Desse skal òg dukka upp på Hole In The Sky i år, so forvil ikkje um du er billettlaus). I tillegg til vorspielet i Itzehoe eit par dagar før festivalopninga torsdag 24. juli – der VICIOUS RUMOURS bl. a. skal leta – er line-up'en totalt på ca. 25 band.
   Skulle borge for mykje moro, dette, på den nedlagte garden som festivalen nyttar som camping- og konsertumråde kvart år, ved grenda Brande-Hörnerkirchen, ca. 40 km frå Hamburg. Nærmaste by er Elmshorn, men den er ikkje rundt svingen, akkurat, so basèr deg på telt og sovepose. God tur.

HOA_flyer_09.jpg