UGLY U-HJELP – Oslo – Betong

UGLY U-HJELP – Oslo – Betong

Kven sitt initiativ denne kvelden er veit eg ikkje, men kred for utradisjonelt konsept, for som tidlegare annonsert her på ET, går kveldens inntekter til ein borneheim i i Ghana.

Rikets Crust var ukjende for meg fyreåt, men her på scena er det kjende fjes å sjå, som Evil Dave (Lobotomized), South Of Heaven-Sigurd og Stian Fossum (Faustcoven); og jasså, det er dette Stian og Sigurd driv med når dei ikkje arrangerar Metal Merchants? Moro har dei det. Vi òg. Den eine stutte låta etter den andre pluss ein cover som Sigurd annonserar løyndomsfullt med stikkorda Bristol 1982, tek ikkje heilt kven det er, men folket er meir vetuge enn meg på dette og alt vert teke varmt imot av denne livlege gjengen på golvet. Skikkkeleg fest er her allereie. Rikets Tørst høyrest ut som punk med eit hint eller tolv mot Metal i Evil Dave's gitar, enda tydelegare er det på slutten av konserten når Lobotomized-kollega Bowel slår seg saman med denne kvartetten, verkeleg trykk vert det no! Dei dreg sistelåta med ein gjest til, Harald Fossberg (tidl. Turboneger, Hærverk (RIP)) grip mikrofonen og gjev Rikets Crust enda eit lyft, saman dreg
 dei ein av Hærverk, "Loven Slår".

Vesen tek over og førar programmet vidare i ein myrkare og meir innadvendt stil enn Rikets Crust. Fin variasjon millum dei to fyrste banda. Slik passe blanding er det. Vesen dreg nokre lange låtar som sit godt i betongen her, let myrkare og mindre skarpriffa no enn det som er skikken hjå desse karane. Vokalen ligg lenger "inni" musikken enn det eg har høyrt av Vesen før, noko som framhevar den myrke stemninga. Gjer slettes ikkje Black Metal av Thrash'en sin, men kjenslene går likevel i den retninga. Settet deira gjev eit solid inntrykk av ærleg ekstremmetall, og er langt å føretrekkja framføre det dei dreiv med på bursdagsfesten sin på Elm Street i fjor. Men synd at dei bryt av versjonen sin av "Black Sabbath", for den høyrest RÅ dei få minutta den varar.       

Lydia Laska står for kveldens rock'n'roll, som vokalisten greitt nok poengterar det. Bra rå lyd gjer at dette ikkje på nokon måte høyres noko særleg veikare ut enn dei to førre banda; høveleg rufsut, og gode sakar vert gjort instrumentalt, særleg slagmannen bakarst ser verkeleg ut til å koseherje seg med trommene. Vokalen er absolutt best på dei lægre tonelegje, høgare uppe let han for tunn, synes eg. Men det som får meg til å gå ut – for ei tid – er det plingplonget dei byrjar med etter tre, fire låtar, slags drikkevise eller kva? Det får vera måte på til morskap.   

Det er Lobotomized sin tur; DoH (Vesen) og Evil Dave gjer sin andre konsert for kvelden. Vokalist Steffen stiller i diger blond parykk, sopass svær at den konkurrerer med røykshowet, stemningsfullt når han tenner lykta inni hårpryden. God jul til alle. Speleskjemaet er trongt, so Lobotomized gjer frå seg utan dei lange talane i kveld, og godt er det; men gåvedryss til publikum er det sjølvsagt, då: Forutan dei evinnelege kleda dei kastar ut er det faktisk noko nyttig å grafse til seg, som White Trash Mag, Rikets Crust-demo'ar og Lobo-sjutommarar, heldige er dei som får dette. Bandet er samla for siste gong med denne line-up'en, avskjedskonsert for Dag Olav og Lars, dei får sine gåver overrekt av Steffen på slutten av settet. Porno og lommebok. Leverar frå seg musikalsk gjer dei òg. Lobotomized er eit tett og mektugt køyr av stutt og punka Death Metal. Mykje åtgaum får dei vel for "sceneshowa", men bandet er langt meir enn som so – ein stygg neve av jordnær og aggressiv Death Metal heilproft framført. Dei fossar framifrå friskt, vi får dei vante sinnalåtane med kongeleg lyrikk som "I Cum Beer", "Drinking Beer With Satan", "I Wanna Fuck Myself" (GG Allin cover), "Piss On My Grave", "Bingo In Hell" og meire til; og alt er såre vel og fryd og gaman, so eg tenkjer det får halda for min del, trass i at Coackroch Clan står att programmet.