SAINT VITUS – Oslo – Betong

SAINT VITUS – Oslo – Betong

Saint Vitus: Legendarisk djupdykk attende til då Doom hadde ballar og ikkje maskinar. Eit kupp av Old School Booking/South Of Heaven, dette. Takk til dei!

(Centurion's Ghost får eg berre med meg sistelåta av. Ein jævla miss av meg det (men hadde ikkje trudd det tok Ruter 1 1/2 time å frakta meg til Majorstua's øydemarkar), for det vesle eg høyrer er hard og kompromisslaus Doom. So fortel vokalisten at bandet er frå London og dei går av scena… Eg står med det nykjøpte ølet mitt og veit at livet har passert meg forbi. Slik sett i Doom-stemning, men likevel: faen altso!)    

In Solitude leverar eit praktsett av Metal som eg synest er i umrådet til Iron Maiden og Thrash. Vokalen er av arten Klassisk Svensk 1983, altso myrk med djup ekkomiks. Det er som instrumentalistar In Solitude verkeleg fengjer meg. (Det får eg til gode høyra i fyrstelåta før vokalistens mikrofon langt um lengje byrjar å verka). Vel mykje av denne syngjande vokalen utigjennum settet, tek noko av eggen av Metal'en etterkvart, synest eg, medan andre eg pratar med seier det er dei siste låtane som fengjar mest. Døm sjølv. I alle fall: Det sparkar og rockar ubeskriveleg hildrande friskt! Dei syner seg som eit mycket habilt band med skikkeleg innleving.Verkeleg lidenskap for Metal! In Solitude vert for meg enda ein overrasking på ei hovudstadsscene near you.

Same kor lengje det går millum – og sumtid inne i – låtane til Saint Vitus er dette ei stor uppleving. Knekkjande tung Doom frå dei gamle meistrane. Alt sit som det skal i den særeigne Saint Vitus-stilen og Saint Vitus -lyden. Bandet sjølv meiner ikkje det, for allereie etter den eksentrisk herlege "Clear Windowpayne" får vi den fyrste lange pausa med utskiftning av saker og ting, og Wino's fyrste forsvinning frå scena. Dave Chandler underheld i millumtida med flotande granittriffing, herleg nok, og tøft når gitaren hans går i CZZZZZ; men vel mykje av dette og lite av rettlege låtar utover i settet får meg til å tenkja at bandet er ferdige med sin turnè før konserten er det. Slike avlange instrumentalparti kan fungera i Electric Wizard's sett (som under deira gig her i september – hail!), men Saint Vitus er best på å banke ut Doom'en, som dei etterkvart gjer under "Look Behind You", "Dying Inside", "The War Starter" og desse er det som
 retteleg får fram Saint Vitus inne i meg sjølv, hm. "White Stallion" på sett og vis òg – den syner dei meir punka greiene til bandet. Sjølv er eg ramlande glad i fyrsteskiva, men er enda gladare over at her er Wino og ikkje Scott Reagers som gjer vokal, Wino har ei større evne til å lyfta fram stemninga i låtane. Men det er tydeleg konkurranse um å vera frontmann her, han Chandler greier berre ikkje å halde kjeft, poengterar tydeleg at det er turnèslutt med kveldens konsert; enda godt han har pannebandet godt påskruva so hovudet ikkje eksploderar og dopet flyg ut i atmosfæra. Overlat romet til han som har Røysta i Saint Vitus, som han har i fleire andre band. Dei køyrer forsyne meg  "Saint Vitus" to gonger, eg vil heller ha fleire låtar frå perioda med Wino, dei sit stødugare i betongen, enn når han må gjere Reagers' låtar.  Bandet går av, men Ekstradoom vert det sjølvsagt og dei avsluttar med den ektefølte "Born Too Late".
 Klassikar. So did you enjoy the show? Nei; musikken – ja!