OSLO DEATH FEST 09 – Elm Street

OSLO DEATH FEST 09 – Elm Street

I fjor, då var Oslo Deathfest ein festival på Club Maiden (RIP) over to kveldar med 8 band. I år får vi tre band, og det på puben Elm Street. På den annan side sirkulerar årets Deathfest rundt i landet, so fylg med, fylg med.

Fyrst ute i kveld er bergenske Hellish Outcast. Men dette er ikkje som venta. Rettnok hardtslåande, skrikevokaliserande, tydeleg tempovekslande, men variasjonen elles er lik null. Saknar riff-hakar å halde meg fast i. Mannen kan spela, kan eg glimtvis høyra, det står ikkje på det, men på det at Hellish Outcast tydelegvis er eit hardcore-band. Som leverar eit utruleg energisk sett – for dei som har sans for hardcore. Og for Bergenspatriotar.

Execration sin Death Metal svøpar oss inn i si bisarre og myrke, myrke verd frå start av. Med uventa taktskifte og avansert tromming; sakte, dooma parti, som snart slepper helvete laus att. Gitaristane Chris Johansen og Jørgen Maristuen frontar kvar sin ende av scena, dei to vekslar i ei og same låt på å rauta domedagsvokalen. Dette er ikkje dusin-Death Metal, tvert i mot, Execration er ein introvert, majestetisk ånd frå dei burtgøymde avkrokane i sjela. Femte konserten eg ser av dei og like særprega fokusert lèt det kvar gong. Framførar fleire låtar frå fullengdaren "Syndicate Of Lethargy", òg ein ny ein, "Obsession".  Topp Death Metal! Jau då, det spirar og gror her til lands: Execration. Diskord. Slogstorm. Obliteration.

…og Grotesque Hysterectomy, vil mange seie. No er alle røynsler um at her er lågt lydnivå på Elm sparka vekk, for volumet er maks no. Massiv tordnande Death Metal, slett ikkje utan monstrøst myrke, og med gledeleg vettlause lead-riff, likevel atskiljug meir rett fram enn Execration. Ex-vokalisten er framme og hjelp til på "Fertilized In Autopsy", meir som ein tribute enn som ein trong for hjelp, vil eg tru. For bassisten's vokal elles! – den er ei rasput røyst frå grava, mildaste ein kan seia um den, og den har som Execration's to growlarar evna til å dra seg ut og skapa endetidsstemning. GH bles frå seg på umtrent ein halvtime. Tida er eigentleg det einaste eg har å klage over, synest båe dei to siste banda skulle ha halde på lenger. Derimot har ein då tid for å vitja merchandise'n, den er liten, men med særs billige skiver. Gå på konsert!