TORSOFUCK – Oslo – Skuret

TORSOFUCK – Oslo – Skuret

Eit "koseleg" attsyn med Whip, ein trio no. Eg får meg ikkje til å synast at dei av den grunn verkar særleg reduserte, mindre feit gitar kanskje, men samstundes desto tydleg-kvassare der. Vokalen er delt millum Kai (growlgrowl) og Raymond (Blackscreamfrenzy). Whip sin Metal har sin styrke i down-to-the-core-haldninga, vel stutte låtar riktignok – den stuttaste varar 1 sekund – men mykje faenskap vert no blese ut or høgtalarane i laupet av ein Whip-låt uansett, mykje takka vera Raymond's sadistiske riffing – eit varemerke for bandet. Blackthrash-kjerneved utan atterhald, enkel uppskrift der dei små riffa, overgongane og taktskiftane vert desto meir tydeleg. Autopsy's "Ridden With Disease" vert covra, noko unna originalens lydbilete, men kult nok! Retteleg ein headbangers uppvarmingsgig!

Vi er over frå Metal sine onde luner til rein Grindcore. Rein mekanikk, kan ein nesten seia, for dei fire i The Arson Project leverar ein knyttneve av eit knippe stutte låtar i same ville høgtempo frå ende til annan. Kan ikkje seia eg hadde kjendt att låtane hadde eg kjendt dei på fyrehand, det er heller ikkje viktig for svenskane, tenkjer eg, dette er ei her-og-no-uppleving og ikkje noko ein skal sitja og nynna på under ettermiddagsteen i vekene framover. Vokalisten framførar visuell hardcore-kultur der er åleine på golvet framføre scena, har heller ikkje annan stad å vera, for scena på Skuret er lita. Bandet leverar greitt nok, dei, mykje av di dei greier å halda seg so samla gjennom stormtempoet, og: Av di trummisen har dedikert sener og muskler til Grindsatan og held eit ypparleg helvete gennum heile The Arson Project sitt sett. 

Dette er ein "Drummers' Night", Torsofuck syner seg vera det tredje bandet bandet med ein so inn i hampen habil trommeslagar, sintare og tyngre på labben enn fleste andre. Um vokalen er av det einsformige slaget – mykje musklar, små ballar – greier dei forfylla finnane å halda publikums lyarinteresse ved like takka vere ein solid Gore Death Metal i… tja, var The Arson Project i hundre so ligg Torsofuck i åtti. Kunne tenkja meg meir variasjon i låtane her, for her er lite av stemningsfulle Autopsy-finesser i Torsofuck's helvete. Men likevel, dei får mykje lyd ut av ein enkel gitar pluss bass, og når dei ein sjeldan gong går ned i mid-tempo eit sekund eller to er det med ein herleg illevarslande tung basking; og eg tenkjer difor at finnane kunne godt fira på fartskrava sine og samstundes fortsatt servera ein ufyseleg salt graut av Death Metal