LAUREN HARRIS – Oslo – John Dee

LAUREN HARRIS – Oslo – John Dee

År og dag sidan eg høyrde Highland Glory og eg er positivt overraska over at dei køyrer sopass tett konsert-Metal – riff og rytmer fyller det knapt halvfulle rommet. Særleg dei få, tunge partia gjev meg ein god heimekjensle, og gitar, bass og trommer greier å drukne synthen gjennum det meste av låtane. Slik skal det vera! Sidan sist har dei fått ny vokalist. Det høyrest ut til å vera eit godt val, ikkje so mykje av det tunne, langdryge som diverre pregar ein god del av Power Metal-vokalistane. Tvert i mot har jenta ei jamn og sterk røyst som saman med Jack's gitarsoli bèr godt igjennum lydmiksen. Eg synest ofte at låtane slutter for tidleg, saknar at dei går litt meir i djupna. Likevel, bra Metal er det, og konserten sett under eitt er eit skot for baugen for aversjonane mine mot Power Metal-sjangeren.

a0decb6bd7e17e48c679fdea1e28979b.jpg

Gudane for lyd under hardrock- og Metal-konsertar er verkeleg på banda si side i kveld. Frå og med opningsriffet til Lauren Harris' gitarist Richie går det friskt og hardt for seg frå dei tre instrumentalistane i bandet. Det heile synest sprekt amerikansk (sjølv um bandet er engelsk, so vidt eg er informert) med loddrette gitarhalsar, – gaping òg når det trengst. Låtane er i hardrock-sjangeren, velskrivne, med mykje variasjon og fengjande groove. Lauren sjølv har ikkje same sterke røyst som Highland Glory sin vokalist, men kan dette med å syngja der ho ligg langt inne i lydbiletet. Dotter hans Steve Harris er ho visst òg. Men tenk ikkje so mykje på det, er berre til å kjenna seg gammal av. Ballada kunne dei forresten ha spara oss for. Det aller meste av settet går imidlertid rimeleg energisk for seg – og som jævla vanleg kunne det godt ha vore fleire folk i salen. Kommuniserar godt millum låtane gjer Lauren, er allereie velsigna med ein liten fanskare heilt der framme som gjev god feedback, og dei jublar bandet fram att til eit par ekstralåtar, bl. a. ein av Alice Cooper.

For flere bilder, sjekk vårt bildegalleri