VESEN – Oslo – Elm Street

VESEN – Oslo – Elm Street

Her er Vesen's kombinerte bursdags- og sleppefest. Det lèt endeleg Metal over anlegget her på Elm, staden har ikkje framstått so attraktiv i det siste for å seia det mildt. I kveld skulle det arte (og utarte) laussluppe med låg takhøgde. Skal koma attende til dette…

…for fyrst varmar punkbandet Stinky Fingers oss upp med ein serie av stutte låtar, lèt imponerande raskt og intenst, eg vert likevel ikkje særleg uppvarma. Vokalen er for morosam stundom og låtane for stutte til at eg greier å taka dette alvorleg nok, men dei som diggar punk, skulle vel verta tilfreds.

Vesen skulle vera kjend mat for alle Thrashfans i hovudstadsumrådet. Metal med kuttande riff, sint tromming og helvetes vokal. Og i kveld høyres dei meir massive og intense (i sjølve låtane, vel og merke) enn det eg kan hugse dei har gjort før, lyden bèr fram dei einskilde medlemmane på ein ypparleg måte. I starten dreg Thomas ut vokalen ut i Black Metal-lendet. Bandets låtar frå dei to skivene – som dei "allereie" har har rukke å få ut i laupet av dei ti åra bandet har eksistert – er likevel heile tida lett attkjennelege. Vesen har sin eigen greie på gong, pur ekstrem Metal utan å vera ambiente, eller kva det no heiter. Har låtar som kan vera lite konstant-headbang-venlege, men som ofte er det òg, i periodar. Den harmoniske låta midt i settet greier dei å få til å låta rått, med Ronny som hovudvokalist, som han er på fleire stykkje i kveld. Utover i konserten byrjar eks-medlemmar å frekventera scena, bassistar – tre i alt! – og eks-growlar Steffen frå Lobotomized. Jævla uroleg å sjå på, for mykje pausar av slikt, men dei tilførar settet historiske glimt attende til demo-tida, til meir Black og Death Metal-influerte sakar. Snodigt bra å høyra på! Dei greier til slutt å gjera seg ferdige etter mykje sommel: prat, ein halvspelt låt ("Smoke On The Water"), skruvepause, blautkakekasting, gå av scena for å, eh, prate med kjendtfolk? Full uppløysing. Var det ikkje det eg tenkte, desse gutane kan feste. Dei er likevel på sitt beste når dei spelar, og Metal'en deira i kveld har eg age for.