METAL MERCHANTS 09 – Dag 2 – Oslo, Kanonhallen

METAL MERCHANTS 09 – Dag 2 – Oslo, Kanonhallen

Hostile Territory!  
 
Vesen har ein liten "showcase" – kva farsken vil det seia? Jau, konsert er det! Ny skive på gong der. Halv fire er for tidleg for meg, og eg får berre med meg dei to siste låtane, frå førre skiva båe. Let fuzzt og ugly som vanleg frå den kanten. Kult og harskt! Me er i form att med ein gong.        

Lang pause, eg greier likevel å feilrekna tida, so eg et burt Valhall-konserten. Dumt det, men eg må ha noko å headbange på. For det skal koma mykje gromt i kveld.

ab1dd8a855c757c078c801ab640b6396.jpgAssassin er eit av banda som vart liggjande under Dei Tre Store av Tysklands søner i popularitet. Misvisande i høve til det dei gjorde, og eg vil tru det er p. g. a. Assassin ikkje hadde den levetida som Destruction, Sodom og Kreator. Gleda spildra difor høgt når eg såg dei var sett upp på plakaten. Dirty, dirty old school! AAAARRGH! Fyrsteskiva "The Upcoming Terror" er noko av det mest typiske slik Tyskarthrashen var rundt 1985, samstundes som den er ei særeigen samling låtar, ikkje nokon copycat-thrash der, nei. Um forventingane er innfridde? Som eg sa: AAARRGH! Dette er noko av det mest monstrøst mororsame eg har vore burti på lengje! Frå fyrste låta set Robert Gonella oss i gong med å gaule med, og moshpiten er av det ubereknelege slaget. Bandet har god publikumskontakt midt uppi all Metalen, dei fører seg ganske kaotiske på scena sjølve, står seg fint til det uføreseielege som ligg i låtane. Karane kan forsatt å spela, tru ikkje
 anna, gnistrande riffparti får det til å reisa seg hår på ryggen på nokon kvar. Låt etter låt veltar fram, noko stuttare på slutten enn i starten p. g. a. tida, men der kjem forsyne meg "Fight (To Stop The Tyranny)" og den desperate "Bullets". Hail som faen!     

cb16d4dc1c59def99c9303867ceedac7.jpgArtillery leverar sin old school Thrash, frå opningslåta "The Almighty" og utetter får vi fleire frå fyrsteskiva, som "Into The Universe" og "Invaders". Er festivalens mest stuttklypte band, Danmark er so trongbudd at der er ikkje plass til meir hår, likevel er Artillery eit særeigent Thrashfenomen frå hardcore-røvhullandet. Utan Assassins rett-på-sak-kaos, meir ryddig i framsyning og lydbilete, utan at det er meint som eit pluss. Dei verkar særs beherska i millum låtane, flaue nærmast, når dei tek imot ovasjonar frå publikum. Minstemann av Stützerbrørne overraskar med å brått leggja seg rygg og riva gitarriff… Ei herleg tid gjev dei oss uansett, med mange gode Slayerske komposisjonar – og ikkje minst med desse introriffa den andre hr. Stützer vartar upp med til dei fleste av låtane. Head! Bang!

No skulle den nærmaste tida her i Kanonhallen stå i teiknet til El Diablo's Hostile Territory. Katon Depena's Hirax slår Thrashen sin rett i skallen på dei fleste. Direkte, tett og kompromisslaust; trommisen hamrar fram, gitarane riffar brutalt kontinuerleg, små overgongar for å servera meir riff, men Katon sjølv køyrer showet. Skrik ut tekstane, vekslar med ein overraskande klår vokal stundom. Mannen er ei uppleving i seg sjølv, den eine stunda ein frenetisk vokalist, den neste ein som inviterar publikum til å skråla med. Sjeldan å sjå ein Metalartist som so tydeleg er glad i det ein driv med, og for høva publikum og arrangørar gjev han til å halda på. Mikrofonen vert då òg lånt ut til dei i fyrsterekkja. Dei nyare låtane frå "The New Age Of Terror" krasjar på oss like friskt (eller sjukt) som gamleåtane frå 80-talet, og som festivalens einaste band kjem dei attende for å gjeva ein ekstra. Fist in the air, eksplosive
 mosh-pit'ar og Full Fest For Faen. Når eg sjølv står sopass langt bak, og likevel berre greier å banga og gløyma alle sutar & sorgar – då! Då er me på rett stad! Var du der?

5f9ef35299b4dc231a93736042a594e8.jpgWarning avsluttar kvelden for å gjeva oss høve til å finna ro i sjela etter Triple Thrash Treat. Nå ja. I alle fall får vi Doom med mykje tyngde og utan dronetull, med ein god evne til å gjera mykje ut av få riff og null temposkifte. I kontrast til dei føregåande banda vert det ikkje sagt eit ord før, under eller etter konserten, det fungerar greitt i den stemninga dei skapar i hallen. Vokalisten/gitaristen i kvitskjorta er syngjande nasalt i det meste av låtane, melankolsk utan å verta for trist. Her det ein autentisk dåm over det heile, og folk der framme syng med. Når der ein sjeldan gong ikkje er vokal, slepper trommane fram med seriar som lovar temposkifte, men det er berre for å erta, for tempoet er jamnt sakte heile gig'en. Trioen held meg aktsam i nær ein time med tre låtar eller so. Då er dei brått ferduge, dei går av utan eit pip og det heile er over.

Festivalen er over óg. Dette var artig, låge ølglas, men grei konsertstad – um ein finn fram – intim og fyldig merchandise ved døra (vinyl! yess!), fyrst og fremst er det banda som lyftar oss ut or liksæla. Metal Merchants' evne til å grava fram gromme band står det respekt av, og eg tråvar heim med ein kjensle av at dette var ikkje siste gong vi upplever ein Metal Merchants-festival. Takk til arrangørane!

For flere bilder, sjekk vårt bildegalleri