METAL MERCHANTS 09 – Dag 1 – Oslo, Kanonhallen

METAL MERCHANTS 09 – Dag 1 – Oslo, Kanonhallen

Metal Merchantsfestivalen er her, for å gjeva oss to kveldar Metal As It Used To Be. Det vil seia før Metal vart infisert av slim og sleik, medan det enda lèt reint skitent uskuldig. Gledeleg mykje folk som veit å verdsetja dette, hadde krope fram mykje unge folk frå inn- og utland, godt å sjå!  Der var bl. a. metalheads frå Italia, som trakka seg over svell og sjog denne kalde kvelden, heilt frå sentrum upp til denne burtgøymde hallen på Løren. Hail!
 
1. dag

Pounding Metal!

f60639fe4fc977b379cb094e92dc9c10.jpgAt bandet som opnar Metal Merchants er pur unge Enforcer frå Schværje, er eit artig paradoks. Dei serverar Speed/Power Metal i eit jamnt og særs høgt tempo. Fingerferdigheitane på strengane er gode, trommene som er plassert høgt upp bak, hamrar fram ein serie av Metal av eit slag få andre unge band bryr seg um å gjera notildags. Vokalen er høgfrekvent, noko tunn for min smak, men han skal ha kred for støtt å verkeleg syngja i staden for jamra ut laaange vokalar, og frå fyrste stund dreg han med seg publiken. True Newborn Metal! Midt i settet covrar dei Judas Priest's "Tyrant". Etter forseinkingame med å få opna dørene for oss har vi fått ein farken so lovande start på det skal koma.
  
So er det gamlingars kveld: Vendetta's Thrash Metal er utypisk for tysk å vera og med meir uppbydge låtar enn die hard Thrashen. Dette er noko for utydeleg live, og dei nyare låtane tekkjer ikkje meg. Eg høyrer desse avhogne riffa ved eit høve og støkkjer fælt. Det tek seg upp etterkvart, og der vert riffa jamnt glitrande inne i den bass- og trommedominerte lyden. Dei dreg einskilde låtar som set ting meir på plass og ein kan headbange i trygg visse, til Motörhead's "Overkill" og til dei to låtane frå "Go And Live…Stay And Die". Kunne tenkt meg fleire frå den skiva, ja!

c2f645c97ea71a4ffceac197e0f109c7.jpgEit av fleire band eg ikkje har høyrt før no på festivalen er Pagan Altar, og kva har eg ikkje gått glipp av! Doom/stoner vel plassert i Black Sabbath-umrådet, men med klår eigen identitet. Godt samkøyrt femmanns band med fengjande låtar i midt-tempo. Vokalen høyres nærmast nasal, utan at eg skal seia at den lèt slik på skivene, for festivallyd er ofte ein eigen sjanger so og seia, instrumentane derimot er i ein lyarvenleg form. Ein eigen stemning over dette, der alle i bandet verkeleg ser ut til å leva seg inn i Metalen og å "kosa" seg med framføringa. Eg òg, dette skulle verta kveldens høgdepunkt!

Dan Beehler sit i spotlightet og tronar på trommekrakken, ein energibunt som bankar fram bandets låtar i ein høgtempo stripped-to-the-bone Metal, hjartelaust fri frå alt som heiter groove og harmoni. Det eg høyrde av Exciter for 20 år sidan var heller ikkje befengt av feite og velsmakande søtsakar. Heads down and no compromise, folkens! Dan er eit syn der han arbeidar kontinuerleg vilt med trommene, for so å skuva fram mike-stativet og gjera hardvokalen, der versa ofte endar i eit skrik. "Pounding Metal" frå andreskiva (ja, no pratar me Exciter) frigjer oss frå dei meir anonyme låtane, ein låt so nedstrippa og sjølvmedveten inn til mergen Metal utan tull og spjåk at Manowar neppe kunne ha gjort noko liknande, um dei hadde freista.

5a5e2f581b176c4b98c23a6af427cb39.jpgNokre av 80-talets skiver hylla seg inn i det ukjende ved å sløyfa bandbilete og laga ein eigen aura av mystikk slik (Brocas Helm, Axewitch). Mekong Delta gjekk lenger ved å nytta pseudonym konsekvent, og temaet kring "The Music Of Erich Zann"  var diffust nok i seg sjølv. Veit no at karane var/er frå Living Death (hail!) og Rage. Metalen er av den meir snille, og kompliserte slaget. Vokalen bèr godt igjennum, men er som desse nyare Power Metal-operagreiene. Kjedeleg det, gut. Røynde og kompetente musikarar, absolutt, og dei få som er att av publikum får høyra kveldens beste lydmiks. Sjølv um bandet sjølv ikkje synest det, for der er stadig pausar for å ordna nokre greier, og den eine gitaristen går "spelande" med gitaren ut i salen under ein av låtane. For lite guts, for mykje midt-tempo, men når Mekong Delta ein sjeldan gong trykkjer på, er her herleg å vera…

For flere bilder, sjekk vårt bildegalleri