AC/DC FAN CONVENTION – Oslo – Rockefeller

AC/DC FAN CONVENTION – Oslo – Rockefeller

Det er noko tett på konsertslutt på Valle Hovin, truleg, god plass på golvet her på Rockefeller når Love Hungry Men går på etter halv tolv. Kan seia bergenserane fortset der konsertvideoane slapp, for vi får ein særs bokstavtru AC/DC-tributt i klår likskap med Australias stoltheit. Vokalen er som snytt or strupen til Brian Johnson og låtane er framført i den typiske stilen med tanke på riff-orgiane til Angus Young. Noko lange drikke-/stemmepausar er her, og heller slitsamt å skoda den farsken so bevegelege – men heller tungbeinte – "Angus" på scena. Likevel er bandet velspelt, trass i alle ablegøyar.

Heatseekers
opnar med ein pompøs sampla intro som går over i låta med (nesten) same namn som bandet, og her er straks klårt at tolkninga er av det tyngre slaget med barskare riff, tett samspel og sterk vokalist. Her er mange tyngdepunkt i setlista og dei greier å fengja meg med originalbandet sine låtar på sin måte, som ligg tett upp til Metal. Vil trekkja fram "Dirty Deeds Done Dirt Cheap" og "T. N. T.", særleg bra trykk på dei, ja, og ein glitrande solo på "Back In Black". Låtar eller parti som krev meir blues-vokal fungerar mindre bra for Heatseekers, men viseleg nok er slike parti sjeldfengte i deira setliste. Det har byrja å siga inn bra med folk, og Heatseekers vert fyrste bandet i kveld som verkeleg set steminga.

Får ikkje med meg heile Big Balls sin konsert grunna matpause, men høyrer nok til å slå fast at dei gjer gromme tolkningar av Bon Scott-perioden, god punch i hjå instrumentalistane og vokalisten får til allsong på lokalet med "Can I Sit Next To You Girl". Ikkje det heilt store særpreget vokalt, men på rolege bluesa parti kjem vokalisten verkeleg til sin rett – særleg i herlege "Sin City". Big Balls er eit band ein ofte kan sjå på konsertplakatar her i hovudstaden, og dei verkar røynde på det dei gjer. Hittil er eg imponert over kor overtydande banda synes å vera, sjølv um her kan vera vel mykje publikumsfrieri hjå nokre frontmenn.

Backstreet Girls
er på scena. Her er publikum mange nok til å fylla golvet på Rockefellers grunnplan, for 300,- kr. Billetten, og klokka er rundt 2 ei måndagsnatt… Backstreet Girls er ein institusjon – i eit meir lokalt perspektiv, då – som kveldens heidersband sjølv har vorte. Og det er ein grunn til det. Kvar og ein av dei fire kjem tydeleg fram i gjennum høgtalarane, i eit frislepp av rock'n'roll, der Bjørn Müller stel showet – eit gnistrande fyrverkeri av riff og rørsle. Høgrearmen hans er eit våpen mot all konformitet, inspirasjonslaus drøvtyggjing og falskleik… det seg vera i musikk eller livet elles. I tillegg, denne støduge rytmeseksjonen som gjev B. M. høve til å halda på som han gjer og samstundes skapa so rocka steming. Hans og resten av bandets energiutblåasande rørsler skil seg ut frå resten av kveldens band med tanke på overtydande upptreden, alt verkar å gli so leikande lett og samstundes er her steinvill og
 skiten rock'n'roll boogie. Overteiknande debuterar som publikummar for Backstreet Girls, og skal ikkje briefe med fåkunne m. t. p. setlista deira, men sjeldan har eg vore so begeistra for ein sopass stutt konsert. 20 minuttar, kva faen?

LA-jentene Whole Lotta Rosies avsluttar kvelden, vi er attende i tributekonsert-stilen. Det måtte vel verta nedtur, uansett her er for tamt i gitarane i starten, dessutan får eg aldri sans for den so syngjande vokalisten, ho dreg ut vokalane for mykje i slutten av versa, smakar av sjølvdigging, dette. Desto betre kjennest det når dei dreg tyngre låtar med sams trykk over heile linja, som "Walk All Over You", "Thunderskirt", orsak, "Thunderstruck" og "Have A Drink On Me". Leadgitaristen syner etterkvart fram ypparlege riff-evnar, og innsatsen til bandet på siste halvdel av settet rettar upp inntrykket noko.
Her er slutt, og eg skrir ut tilfreds i ljos natt. Banda hadde det moro når dei spela, men likevel, å sjå vokalistane stå og fotografera publikum vert eg aldri fortruleg med. Backstreet Girls var i særklasse den stutte stunda dei var framme. Overraska over det musikalske nivået på resten av line-up'en, den gav rom for forskjellige og truverdige tolkningar av legendane på eit nivå som konsertstaden Rockefeller krev.