DEAD TROOPER – Sandvika – Musikkflekken

DEAD TROOPER – Sandvika – Musikkflekken

Er seint ute, rotar på vegen frå jarnbanestasjonen til Musikkflekken (3 minutt å gå), får berre med meg dei 4 siste låtane av Twilight Arise. Men dei sat til gjengjeld godt i Metal-hjarta: To gitaristar som leverar harde og overtydande riff; soloar og harmoniar av Gamlemetal-arten – fyrste halvdel av 80-talet, altso – driven fram av ein rytmeseksjon som i seg sjølv tilførar låtane mykje tradisjonelt og lyarvenleg for ein nostalgikar som meg. Det unge – særs unge – bandet verkar tente og godt samspelte, her er so og seia ikkje noko slarking. God lyd er her òg, alle fem er tydeleg samansette, inkludert tangentane, som vokalisten ved eit par høve smetter burttil og trakterar. Vokalisten er kontrollert og sterk i veldig syngjande Power Metal-stil, utan kvining og han misser ikkje ein tone, denne karen. Instrumentalt høyrest likevel bandet meir ut som Heavy/Thrash i relativt høgt tempo. Talentfullt og imponerande!

Etter sol kjem regn, eller umvendt. For um Twilight Arise let musikken sin regna ned over lyararane, spelar Kaabrahl ein form for uppstykka rock, heilt utan fyrebandet sitt fengjande køyr. Introvert og døyande i parti eg hadde venta at dei skulle rocka på, på gamalt vis. Rock av eit slag som sikkert har sine tilhengjarar, men ikkje meg. Nytt fråvær frå konsert, denne gongen friviljugt.

Dead Trooper comes home. Sjeldan at dei førar seg i ekstrem høgtempo, meir som massiv Thrash Metal, fronta av Morten Müller i storform som får med seg publikum, vi er relativt mangfeldte til å vera ein klubbkonsert i hovudstadsumrådet. Dead Trooper har låtar med rolegare intermezzo og reinvokal, men er på sitt sterkaste med ein fyldugt crunch-åtak som fyller lokalet her med lyd, og som grovvokalane til Morten og Birger Larsen ligg godt inne i. No er her flust med problem med Mortens gitar i kveld, skifte av kablar og instrument skjer stendugt under konserten, noko som ser ut til å motivera han desto meir til å gjeva alt imillum reperasjons-øktene. I låtane med berre ein gitar, særleg, høyrer eg mykje usælt herleg riffing frå Birger, denne er det skikkeleg klasse over. Nye rytmistar i bandet i kveld, med Seidemann med røynsle frå 1349 på bass, dette bandet meiner ålvor, ja. Vi får tre nye låtar, samt fleire frå "Spiritual
 Funeral"- EP'n. Pluss at Metallica's "Seek And Destroy" haltar fram, og vert like greitt avslutt halvvegs. Sepultura-coveren derimot, var langt meir i Dead Troopers rette ande, tett og brutal. Ikkje viss på kva låt det er, trur sterkt den er frå perioda etter "Arise"-skiva. Fjerde gongen eg ser Dead Trooper, og den her i kveld er den sterkaste av dei.