OSLO PØNKRÅKKFESTIVAL #15 – Elm Street

OSLO PØNKRÅKKFESTIVAL #15 – Elm Street

Ein gong iblandt er det noko som kallar seg Oslo Pønkråkkfestival her på Elm Street, og i kveld er det visst nr. 15 på gong. So me sit i lokalet og ventar, til skrekkeleg lite prega musikk til punkfestival å vera, ja. Men sjå! Der kjem The Barrels på scena.
   
Verkeleg kult rockeband, dette, hugsar eg såg dei fyrste gong i fjor, då varma dei upp for sjølvaste Toxic Holocaust på Club Maiden (RIP). Hardt. Her i kveld lèt dei atskillig penare, som tunn Motörhead. Skjeggen bak mike'n har drøymerøysta for alle rockevokalistar. Skal langt (til Os i Hordaland) for å finna nokon som liknar Lemmy's røyst so mykje. Snille i utrykket, men låtane deira, inkludert cover'en "Johnny B. Goode", er varierte, good-feela (bra norsk, hæ?) og fangar lett merksemda mi.
  
Spiker er neste. Vokalen er av den reine og syngjande arten. Hardare trommer og meir vreng i gitar enn fyrstebandet. Men dette er ikkje alt her i verda, folkens. Tett, men verkar ikkje å ha same sterke sjølvmedvetet i låtskrivinga som The Barrels, låtane er noko lettvint ihopkokt, for varierte og greier ikkje å fengja meg med den same lune groove.
  
So Waklevören! Dei spelar her igjen, og det er straks klårt at dei rettar upp den heller slappe innsatsen frå i august i fjor, då fyrebandet Fatal Demeanor stod for den største underhaldninga. Men, vent! Kvar er gitarane? Me ser to, men høyrer knapt ein. Sjeldan at band høyres penare ut live enn på skiver. Vi får i alle fall knusetromming frå Apollyon. Gorgon live er eit sjeldfengt fenomen for Metal-fans: eg er aldri viss på um han greier å slutte å prate til neste låt byrjar. Mykje øljekkingspausar òg, men dei kan eg skjøna betre; eg meiner, han må få innvolane på plass etter kvar låt, slik som han skrik for å koma i gjennum trommelyden. Det greier han, og me får soleis ein hardtslåande, men lyd-turr, uppleving. Dei raskaste låtane – som den nye "Under The Cross" – og dei tyngste – som "Vandring Over Lik" og "Tiden Lager Alle Sår" – fyller ut einannan og gjev meg ein massiv kjensle av… Waklevören.
  
Det var dei tre banda, og Oslo Pønkråkkfestival # 15 er over. Har ikkje høyrt noko av det eg kallar Typisk Punk, men det tek eg med stor ro. Waklevören stod for den merg-skjelvande upplevinga i kveld, The Barrels var kult, likevel, dei to fyrste banda var lambs to the slaughter i høve til hovudbandet.