COFFINS – Oslo – Betong

COFFINS – Oslo – Betong

Storm of the underground; det er sundags- og Death Metal-kveld på Klubbscena. Forlat denne verda for ei tid og gå på konsert. Coffins har drive på sidan midten av 90-talet og utgjeve eit skred med skiver, slepte albumet "The Fleshland" i sumar; japanarane er på Europaturnè, og skal avslutta den her og no! Men fyrst er det Execration, med dei på plakaten vert kvelden eit hakk meir interessant for min del.

Likar du å verta levande gravlagd?, Execration har ein uvanleg evne til å laga låtar som er varierte i seg sjølv med sære riff, og skiftingar i fart og likevel samanhengjande valdsamt, intenst og, jah, ettertenkjande, dersom det er rette ordet. Execration live utmanar verkeleg einkvar skildring av Metalkonsertar, det er samansett av ulike komponentar for å seia det mildt, men mest er det BRUTALT MYRKT. Burial of the insane, horror og helvete, kjennest som ein ligg i kista under fleire lag jord, hamrande vilt på veggar og lok, utmatta og splitta av angst og desperasjon. Disharmoniar i gitar kan vera harde og svelja, men det glir greitt ned med knusande, nesten "turre" gitarljodar der; likevel er konserten stødugt forma i Death Metal-sjangaren i vokal og trommer og eit samla uttrykk som bles hovudet av meg i høgtempodelane. Denne villskapen i maskineriet, i udyret, blanda med uvande kjensler av Total Death på alle plan og i alle formar…

Coffins bjor på meir vanleg sound’ande Death Metal utan å vera so fylt med atmosfære som eg upplevde i stad; sumtid wahwah i gitar her, pussig i sjangaren, legg seg godt inn i musikken lell. Saftug vokal og heftugt i tempo, ein uting med trommeslag og so riff halvsekundet etterpå, men dette førekjem sjeldfengt. For meg (som ikkje har høyrd dei live før) er det den gode feeling’en dei lagar med fartsfylt tung punch som kan og må stamma frå den seine 80-tals DM’en frå Florida/California/Uppsala. Skal ikkje hevda at Coffins lyftar stemninga hjå meg vidare frå Execration, til det lét dei for enkelt (som dei fleste band ville ha gjort i samanlikning) men Coffins’ konsert er lell hugtakande godt gjennumført. Publiken her krev ein ekstralåt, me får den, so er det finito, og eg driv ut i sumarnatta med ein rettleg god kjensle av vel anvend tid og øl.