NIDINGR – Oslo – Revolver

NIDINGR – Oslo – Revolver

Dersom det er mogleg å digga lyd og samstundes vera meir pøhpøh til lydlandskapet er det det eg gjer no når eg høyrar Queequeg Eit kaldt grep på strengjane gjer at tankane går til Burzum, men Queequeg gjer alltid det som ikkje ventast i riff og komposisjonar; moods er dominerande, men sjølv Shining (Sverige) var åldri so nedsylta i ambient introvert klagesong, heldigvis. Bandet spelte her på Revolver i går òg, alt vert skikkeleg filma; kameraoperatøren (pluss ein assistent) er bandets femte og sjette medlem der framme på scena medan musikantane står i zombiekvitsminka ikkje-tilstedeverande andlet og attlatne augo. Tja, det går an å gjera ting for pretensiøst, òg.  

Nidingr tek oss med til noko meir kjende Black Metal-umråde. Queequeg kunne i lengda påføra meg migrene og revmatisme, men heller ikkje Nidingr gjev meg heilt orgasme. Metal er bra for helsa; når det gjeld denne konserten: Har sett bandet betre og har sett dei verre. Nidingr har passert grunnkurset i Norske Riff på 90-talet og har gått noko vidare der, medan dei er særs trufaste mot eit jamt småhøgt tempo utan å ta av og flyga over i demonspeed. Lèt noko for jamt; Nidingr verkar betre på lyaren i eit kraftigare format enn kveldens. Hadde neimen ikkje trudd at eit so intimt lokale som Revolver skulle mangla trøkk, for eg saknar innvolleslitande nervedirrande gitarar som kunne ha sendt meg hovudstupande ut i vinternatta som eit vandrande lik hungrande for meir distorted torture.