HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 2 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 2 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

Trur at Metal-folket her veit å verdsetja god gammal rock, type sein 70-tal. Frå England kjem Jameson Raid, ser kanskje noko vindturre og forelda ut, men rocke kan dei. Meir i retning blues enn punk. Dette tenner publikummet som har møtt upp, medan dei som ikkje har kome seg ut or krypinnet til kl. 12 går glipp av ei sjeldfengt førestilling, til årets festival å vera.

Stormzone er desto meir i det vante sporet, tradisjonell Heavy Metal med tradisjonell reinvokal. Nok punch til at det vert triveleg ettermiddagsunderhaldning. Men ikkje noko meir enn det.

Roxxcalibur er eit tysk veteranband som verkeleg trekkjer folk inn på konsertumrådet; sine landsmenn, vil eg tru. Heimelandets NWOBHM-alibi dette, utan at det seier so mykje. Ei aning meir gamaldagse enn Stormzone og dermed tilsvarande kvassare. Vokalisten er sterk nok, men garantert kjedeleg, kva med å leggja litt personlegdom i den? Eit lyft når ein gjestevokalist kjem uppå og syng på eit par låtar, men so går han av att, diverre. Til slutt høyrer eg dei ynskjer farvel med Grim Reaper’s "See You In Hell", men då er eg på veg allereie.

For fyrste gongen i eit elles prikkfritt arrangement fuskar lyden; den eine gitaren hjå Tygers Of Pan Tang, men lengje varar det ikkje før alt er på plass att. Bandet skulle vera kjend nok her i Noreg. Dei hadde jo ganske forskjellige skivar ute, "Wild Catz", "Spellbound", "The Cage" m. m.. Mogleg dei dreg låtar frå mange skiver, kjenner ikkje låtane godt nok, men med denne vokalisten her vert det "Spellbound"-ånd over uttrykket. Nøkternt og proft utført utan sjølv-feiring. Tradisjonell Metal Rock’N’Roll; men reine og pene i uttrykket. Sjølv saknar eg meir råskap rundt meg no. Får trøysta meg med ein øl.        

Amulance startar med ein suspekt intro a la Vårsøg, men kjem snart i gong og leverar dagens kraftigaste meny hittil. Stor entusiasme hjå bandet, verkar glade over å vera her sidan dei tydlegevis har fanbase Deutschland. Maidensk Heavy Metal der dei raskare låtane ofte svippar innum Thrash, mange av dei annonserar vokalisten frå skiva "Feel The Pain". Legg inn ein trommesolo, diverre, dessutan verkar settet noko for langt i høve til å halda koken uppe.

Stormwarrior er eit band av tyskarar for tyskarar, vil eg påstå. God lydmiks, intenst band. Drøftuppgåve: Dette er heilt utan særpreg. Kontra: Dette er ikkje din Metal, Olve, og du har ikkje føresetnadar til å høyra nyansar og kvalitetar. OK. Eller eg kan berre seia eg kjedar meg. Stormwarrior er frå 00-talet, som Stormzone. Får tru vêret held seg bra. Jfr. festivalheftet nytta Stormwarrior Kai Hansen sitt studio, men det er tydeleg lengje sidan "Walls Of Jericho".

Berre fem av banda på programmet har eg høyrt live før festivalen, og her vert mykje "nytt". Betenkjeleg at dei gråna rockarane Jameson Raid hittil har stått for det mest headbangarvenlege so langt. Verkar som um programmet elles skal leggjast i den forsiktige stilen. Er dét Metal, då? Nokre band kan vera innum gromme ting, ha ein og annan kul låt, men setta varar over timen for kvart enkelt band og då krevst det eigentleg å ha meir enn ein "hit". Dei to neste banda, Mekong Delta og det tyske gjenuppliva Angel Dust, ser eg berre fire låtar av til saman. Sjølv um MD lagar tekniske sakar og varierte låtar, er det skrekkeleg pynteleg i kantane. Angel Dust trekkjer mykje folk, men ikkje ser eg nokon som headbangar og det kan eg forstå. Held meg på skikkeleg på fråstand frå scena når eg skimtar eit keyboard der framme. Ein einaste kjedeleg konsert til no, og eg hengjer meg i teltsnora.

Demon greier å rocka garden skikkeleg! Dave Hill har røysta i orden, ja, og me veit kva dét vil seia, mannen har ein av Metal’s flottaste strupehovud. Innvendug, altso. Bandet verkar tente, og har med dét låtmaterialet: Dei startar upp med "Night Of The Demon" og går naturleg over på "Into The Nightmare", det rullar vidare med låtar som "Blackheath", "Liar", "Standing On The Edge Of The World", "Remembrance Day" og ikkje minst "Sign Of A Madman". Konsertens rolegaste er "Life On The Wire" frå femteskiva "Breakout", men lell, denne låta greier dei å gjera mykje ut av: Synes den eine gitaristen greier å laga jævla gode stemningar i sumarnatta under det lange solopartiet sitt, og det kler godt denne melankolske visa. Hill insisterar på at han er i Hamburg, ikkje heilt på greip akkurat det, for eg ser berre eit einaste hus i kilometers umkrins. På "Don’t Break The Circle" er her allsong, og då meiner eg alle! Her er no so triveleg at eg vil
aldri reisa heim, eg skal slutta med alt, eg skal leggja meg til under ein stor stein og spretta fram kvar gong eg høyrar Metal,  hail Demon! Men tida går, diverre, hadde vore ypparleg um "Don’t Break The Circle" hadde fortsett med "The Spell" og fleire frå "The Unexpected Guest". Dette vert det ikkje tid til, og bandet går av og etter sameinte uppmodingar frå folket får dei so tillating til ein ekstra av arrangørane. Dei dreg "One Helluva Night", og so er festivalens – hittil – klårt beste konsert over.    

Culprit har eg ikkje høyrt før, men desto meir um. Skiva "Guilty As Charged" er lovprisa høgt og breitt. Dei overraskar meg med å vera helsikes intenst kraftige og speeda. Bassisten Scott Earl går heilt av skaftet med jamne millumrom, brukar bassen som rokkering rett som det er, og her er ikkje måte på til fysisk aktivitet. Kanskje vokalisten gjekk for hardt ut, tunn i utgongspunktet, verkar som han får problem med å hengja med etterkvart og unnskuldar seg for dette. Men positivt at dei let lyden frå instrumentane velta fram og rundt vokalen, slik skulle fleire andre band ha gjort før i dag. Scott Earl får litt tid for seg sjølv saman med trommeslagaren, dreg "(Anesthesia)-Pulling Teeth", litt mykje vrengemikstriks i lyden der, men. Eit brutalt køyr, men utan å hakke fram Thrash, og utan Demon’s stemning vert det ein liten og venta nedtur. So eg tuslar meg frå, høyrer dei covrar "Heaven And Hell", well…hm. Får rapportar etterpå um at galmannen Earl tende på instrumentet sitt når konserten var vel over, skulle ikkje forundre meg.