HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 1 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 1 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

Ute på landet i Tyskland ein stad arrangerar eldsjelar noko dei sjølve kallar eit hageselskap… Eg kallar det understatement of the year. Headbangers Open Air presenterar for 13. gong eit knippe ultragromme band (pluss nokre meir i det blå, men slik vert det no vanlegvis på ein festival med 25 band på programmet). Her er camping inkludert i billetten -les det Norway Rock! Billetten i år kostar forresten 40 Euro. Hm. Ein tredjedels liter øl 2 Euro, pluss pant 1 Euro. Hmhm. 

Steel Horse er fyrste band ut, unghestar frå Spania; noko FOR lett Power Metal det her. Men vi er i gong, ei avveksling frå å tråva til og frå mat- og øl-serveringa. Hevar settet sitt med "Phantom Of The Opera".

Killing Machine avlyser, dei òg, og dermed står Grand Magus på scena før du kan få sagt "Ein bier, bitte". No let det atskiljug tyngre og kraftigare her, som det ofte gjer når svenskar inntek ei scene. Er mitt fyrste møte med Grand Magus og eg er litt furten av at dei spelar sopass klassisk Heavy Metal, hadde fått det for meg at dette var meir i stoner-umrådet. Jaujau, trioen spelar og syng trygt nok, og her er lett å høyra at kvar og ein i bandet bidreg til å dra Metal-lasset saman. Og: Knall gitarlyd her!

Shok Paris gjer eit hugtakande halvthrasha Heavy Metal-sett, med grundig riffing og god tromming heile timen igjennum. I motsetning til dette solide i instrumenta står vokalen, han har ei skikkeleg cool røyst, men er veik og fell ut, liksom, akkurat slik eg kan hugsa han frå albumet "Steel And Starlight". Med unntak av eit par sentimentale tristessar er det uansett tøffe greier som vert levert. So vidt eg kan høyra er her låtar frå gamleskivene "Go For The Throat" og før nemnde "Steel And Starlight".

Sidan her har vore sopass mange avlysningar i førekant, bl.a. av Icon og Jag Panzer, kalla arrangørane på Destruction. No står me tett i myrkret og ventar på Schmier og co., som har lova å gjera eit sokalla Old School Set. Dei går i gong i hundre, og fortset i hundre, men med ljoset i ryggen greier dei å gjera det noko upersonleg, slett ikkje typisk HOA, det. Schmier kjem fram i ljoset etterkvart og er ikkje viss på um han skal prate tysk og engelsk, og legg dermed ikkje skjul på at dei er store stjerner. Sjølv um eg har møtt folk frå fleire andre land er festivalpublikummet hovudsakleg tysk. Ein føremon for meg er det å skjøna han, då, det skal innrømmast. Dedikerar konserten til ein kinesisk Destruction-fan som omkom i ei trafikkulukke på veg til festivalen.

Men so var det sjølve konserten. Destruction i 2010, kva er det? At skiver fell ned i det ordinære er mindre viktig no, for band som Kreator og Destruction brukar å sparke harde konsertar uansett. Men det går visst på rein energi, og lite av den coole skitne Thrash’en frå forna dar. Rasar helvetes fort og mekanisk, er ikkje er ikkje imponert av den einsforminge tromminga hans Marc. I tillegg glir riffa til Mike som i olje, hugsar dei skarpare på John Dee i desember 08. Old School Set, tja, gamle låtar i ny innpakning, seier eg, for dette er like mykje Speed som Thrash Metal. OK, tru no ikkje at eg står og furtar som ein istapp. For faen, har øl og Metal. Head! Bang!