HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 3 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

HEADBANGERS OPEN AIR 2010 – Dag 3 – På landet utenfor Hamburg, Tyskland

Og me står upp att den tredje dag. For å sjå Trench Hell, festivalens einaste Death Metal-relaterte band. Desse australiarane med linkar til bl. a. Gospel Of The Horns såg eg i Oslo for tri veker sidan, utan at det gjer noko, for karane sin Death/Thrash er av det slaget ein kan høyra til domedag. Særs tett og tøft utan å vera for skitne, trass alt. Me får god grisebank av tromminga der og vokalisten er ein som krev sitt av publikum, ingen familekonsert, dette. Covrar "No Class" og "The Third Of The Storms (Evoked Damnation)"; elles har Trench Hell nok tøft stoff på lager sjølv, som "Southern Cross Ripper", "Last Rites", "Sadistic Messiah" og ymse demolåtar. Mogleg det berre er meg som gjekk ut for hardt i starten (her er varmt no), men eg synes Trench Hell let litt slitnare utover i settet. Dei kjem likevel sterkt attende med avsluttaren "Foldback Attack".

Med gårdagen i minne (stort sett, hehe) fryktar eg for enda eit ordinært band, og kjem seint uti settet til Not Fragile. Spørs um det var so lurt, for tyskarane spelar ekte gamaldags NWOBHM, og fengjar meg. Covrar "Hellraiser" – som ein tribute til Raven? , Motörhead’s "Locomotive" og Metal Inquisitor’s "Eye Of The Storm". Vokal-tolkningane av Lemmy og El Rojo er tett upp til originalane her. Not Fragile er tydeleg medvitne um kor røtene til Metal ligg, og greier å laga eit inspirert sett. Sjølv um bassisten ikkje ser slik ut ved eit høve når han står og spelar med eine handa i broklomma. 

Her skal det henda noko skikkeleg moro: Engelske Battleaxe som bl. a. ga ut albumet "Burn This Town" står på scena og spelar sin Heavy Metal Rock for oss. Dave King har framleis den skitne røysta, og Battleaxe har noko skikkeleg rock’n’roll på lager, varierar millum det og meir punka låtar som "Ready To Deliver", "Burn This Town", "Metal Rock"; og "Chopper Attack" frå andreskiva. Sistnemnde type låtar er det som fell best i min smak. Men Battleaxe lagar eit godt konsept av grom og skiten NWOBHM over heile linja, og er umfamna av publiken, bokstaveleg tala. Ein av ungdomane på bakken flyg upp på scena og gjev Dave King ein god klem rundt livet midt under ei låt. So vert dei ståande med armane rundt einannan som attforeina far og son til ein vakt ymtar um at det er tid for å gå ned att. Allsong og ekstranummer vert det, den nyare "Rock’N’ Roll Romeo". Dette let jævla tøft, kan ein ha det betre i livet enn med bier i handa og Battleaxe på øyra?

Der Kaiser har eit bra utgongspunkt for å laga ein bra konsert, tung tromming langt framme i lydbiletet og råskarpt gitararbeid. Men diverre skal vokalisten heile tida leggja seg høgt i frekvensane, er for tunn til det, dette let ikkje bra i det heile teke når han dreg vokalen ut i lengda; fell igjennum og skjemmer ut for heile bandet. Ein får tilpassa stilen etter korleis røyst ein har. Går etter eit par låtar.

Er du lei av gamle Thrash-band som lagar slappe reunion-skiver? Eg òg. Men Blood Feast har ikkje falle ned i denne gruva av moderne tilpassa keisemd-"Metal". Bandet spelar som um adrenalinet trugar med å tyta ut or øyrane, som um all Thrash-faenskap er pressa inn i eit timeslangt sett. Har ikkje høyrt noko slik på lengje; vokalen hans Chris Natalini er vond i utgonspunktet. Pluss at i dag er han og dei fire andre so fulle av hat og helvete, det er vanskeleg å tru at det går an: For bandet har, som Sacrifice til dømes, evna til å lage overraskande rytmeskifte, helst upp med tempoet enda eit hakk. Kevin Kuzma heiter trommeslagaren – hail! Det heile høyres skitent metallisk ut over heile linja, er der nokon som lurar på kvifor musikken heiter Metal får dei høyra på Blood Feast. Med berre to album i grafien, greier dei å tenna publikum til dei gradar, moshcircle’n startar ved opningsriffet og her er ville tilstandar konserten ut. Vokalisten tek seg ein tur ned i sirkelen sjølv, kjem seg uskadd uppatt, og på "Cannibal" kidnappar han ein av ungdommane frå mølja, legg mikrofonledninga rundt halsen på guten og spør publikum um dommen, tommel upp eller ned. Høveleg sceneshow til ein valdeleg konsert. Elles ser eg ikkje so mykje av det som føregår, for midtveges i settet går eg bananas og faen veit. Etterpå går me i samla flokk til bandmerchandise’n for å kjøpe t-skjurte. Men: Sold out! Folk har god smak herumkring.

Det glupe med ein festival av eit slikt format er at det alltid er stutt veg millum telt, mat-og-drikke-plassen og konsertumrådet. Kjem godt med at det er sopass små tilhøve, for Omen går forsyne meg på lenge før annonsert og eg må springa inn på konsertbakken når eg høyrer "Die By The Blade". Kanskje mykje Omen på eit år dette, sidan eg høyrde dei på Metal Merchants i januar òg, men bandet er fiksert på albumet "Battle Cry", og det passar meg glimrande. Den eine låta etter den andre kjem på ekte Omensk vis, dette bandet hevar Power Metal’en sin tårnhøgt over dei fleste av gårsdagens band. Akkompagnert av allsongen, som fleire av dagens konsertar, men ikkje i ein slik grad som Omen greier å framkalla den. Skikkeleg vellukka publikumsfrieri, folk hyggjer seg over all måte. Skal ikkje påstå at konserten er betre enn den som vart gjort i januar, men Kenny Powell er heiltent, gitaren skjer rått i gjennum all slag fake Metal og syrgjer for at dette ikkje vert for pent. Hail there! Vokalist George Call høyres meir Kimballsk ut i dag enn på Metal Merchants, noko ein nesten må gjera for å syngja i dette bandet; han kommuniserar bra med folket på bakken òg, øsar godt upp stemninga med truskapseidar til Metal. Sjølv um tida og "utviklinga" har sett band som Omen i skuggen førar dei seg som um dei var kongar av Metal. Faen meg rette innstillinga.

Ikkje so mange som finn fram til konsertumrådet når Anvil Chorus går på, festivalens fyrste skikkelege regnskur kjem òg. Den skulle likevel vera til å halda ut, for San Francisco-bandet greier å halda meg "inne" musikken deira heile konserten igjennum. Ein alt anna uppleving av musikk no enn Omen (for ikkje å nemna Blood Feast). Anvil Chorus spelar og førar seg på ein langt meir innadvendt måte, som eit slag lågmelt Rush, i retning Pagan Altar. Veteranane Prog Rockar jamnt og ikkje utan punch, mykje skiftningar, likevel heng alt saman godt i hop. Når dei to gitaristane går saman og lagar nokre heilt særskilde doble lead-parti av det utrulege slaget tenkjer eg at fleire burde ha fått med seg kvalitetane i denne konserten.

Endeleg å få sjå eit av dei tidlegaste helte-banda frå ungdomen, kan vera ei nervøs affære, gut, mykje som står på spel. Tjukt med folk har samla seg på konsertumrådet no, myrkret fell på og Raven går endeleg på scena. Desse tri har faen meg ikkje mista eit grann av den energien som osa av deira tidlege album; det er eit syn å sjå gamle Mark Gallagher herja rundt, for ikkje å nemna han John. Det er ikkje måte på kor mykje rart han greier å gjera med vokalen, og har ei særeigen utrstråling i millum låtane, tydeleg festivalens største frontmann når det gjeld scene-personlegdom. Dette hadde jo vore meiningslaust lell, hadde det ikkje vore for at Raven anno 2010 rockar helvete laust, bandet gjev alt i frammføringa som desse låtane krev. Men vel mykje gitarsolo under "Break The Chain". Joe Hasselvander syrgjer for at konserten får den naudsynlege tyngda, jævla tung på labben der! Dei kallast attende til ein ekstra, "Crash Bang Wallop". Setlista før det: "Lambs To The Slaughter", "Live At The Inferno", "Faster Than The Speed Of Light", "All For One", m. m. m., lista av festlege låtar er for lang til å nemnast. Full innfriing! Festivalens høgdepunkt for underteikna.

Det er tid for Doom Metal av gammalt godt slag. Det er utan tvil solide sakar Solitude Aeturnus gjer, ikkje det ondaste innan Doom, men so jævla tungt og heilstøpt gjennumførar dei settet utan fjall og fanteri sitt i eit tempo der du kan syngja med dersom du kan teksta. Robert Lowe let si fagre røyst strøyma ut over publikummet, samstundes som han røyver seg som ein keitete og stiv grammatikklærar på ungdomsskulen. Er framleis skitsur på han Lowe etter mishandlinga hans av Candlemass’ "Solitude" på Hole In The Sky i fjor, men her i Solitude Aeturnus er han verkeleg heime, og eg er heilt med. Der bandet står i ljoset i scenebygget i myrke natta er det jævla stemningsfullt både og sjå og høyra desse gamle meistrane dela sine saktmodige depresjonar med oss. Andy Haas i Omen er visst fornøgd òg, ved to høve kjem han sendande upp på scena for å umfamna sin basskollega.

Pussig at ein so bra dag vert avslutta av Virgin Steele. Summe festivalar liksom berre MÅ avslutta veikt, og HOA er ikkje noko unntak frå desse. Klårt dagens lettaste band, dei rockar på, er ikkje det, men vantar tidlegare bands tyngde/fart/faenskap. Hadde to album av dei for 25 år sidan eller so, og då lurte eg sterkt på um vokalisten verkeleg greidde desse særmerkte ljose ropa eller um det var laga i miksen. No ser eg at han verkeleg greier dei, men det er ikkje nok til å halda meg framfor scena og eg tek kvelden etter to låtar. Slik vert Virgin Steele likevel ikkje so dårlege at dei maktar å øydeleggja kjensla eg sit att etter ein heidundrandes Metal-dag av dimensjonar.

Må i etterkant seia at dette var moro! Mildt sagt. Lyden var på alle 24 konsertane igjennum god! Ein annan ting er dei friviljuge/tilsette i salsbodene står uavbrote og serverar mat og drikke til langt på natt, og frå tidleg morgon. Ikkje vantar ein noko her. Tysk arbeidsmoral nytta i Metalens teikn, slik skapar minneverduge dagar. Særleg den siste dagen – åtte formidable band leverte glimrande sakar! METAL.