OBLITERATION – Oslo – Funhouse

OBLITERATION – Oslo – Funhouse

Deathhammer knusar det meste som kjem i Thrash-vegen, kontant og rått. Ikkje utan å feile, for her slurvast det med verselinjene på "Demonz In Leather", og opningssporet "Hellish Attack/Metalattentat" verkar meir som ein gjennumkøyring for å få lyden på plass. Men Deathhammer kjem seg i land som det bulka og maltrakterte – men pottettete – Thrash-piratskipet det er. Tromminga hans Stormoen er ofseleg i kveld, frå denne kjellaren i Pilestredet vert det skapa seismisk djevelskap som forstyrrar togtraffikken rundt Sentralbanestasjonen. Dette bandet har eit kontant og fullstendig kompromisslaust bidrag til dette tiårets Thrash-bylgje. Låtane er jævlig bra, høyr t. d. på "Bestial Slaughter". Det verkar som desse karane ikkje høyrer Metal som er laga etter 1985.

Det har allereie under Deathhammer sige inn bra med folk i dette avlange lokalet. Obliteration si nye skive "Nekropsalms" skal feirast i kveld. Mykje har vorte sagt um bandet og skiva allereie, og dèt i bladfillor eg ikkje trudde hadde høyrt um bandet ein gong. Spalte upp og spalte ned um 80-tals-inspirasjonar, OK; men det som òg særmerker Obliteration (burtsett frå at dei er unge, og flinke til å profilera heimstaden Kolbotn) er dugleik. Alle som har sett bandet gjera konsert – og dei har det vore mange av berre i Oslo – og som har førreskiva "Perpetual Decay" veit at desse gutane har full kontroll på det dei gjer, og Metalen deira verkar ny trass i dei gamle inspirasjonskjeldene.

Obliteration pr. i dag gjer Death Metalen sin nyfødd, fjernare frå tradisjonell Death Metal enn før; mange sakte låtparti høyrest som Black og Doom Metal, før tempoet eksploderar. Sindre har fått gitar òg no, og Obliteration let noko meir massive og Black'e enn trioen Diskord, men likskapen er der. Vokalen er nærmare Black Metal enn før, her er til og med rein-vokal på ein låt. Dei nye låtane er eit resultat av at Obliteration går sine eigne vegar som er vanskelege å føreseia for den enkle lyar som meg, eg må ut og røyka og fordøya alt dette nye undervegs. Overtydande gjennumført er dette, Metalen lèv i dette bandet, dei skodar ikkje sørgmodig attende til 80- eller tidleg 90-tal gjennum botnen av tjuge ølglas, i staden lagar dei sin eigen greie.