FORGERY – Oslo – Rock In

FORGERY – Oslo – Rock In

Forgery "Harbouring Hate" sleppefest

Forgery + Imbalance

Imbalance er eit nytt bekjentskap for meg. Lett å plassera denne trio'en i Thrash-båsen, likevel verkar det som dei gjer mykje i på sin eigen måte, med mykje fiks speling av gitaristen. Ikkje noko dirty ol' Thrash, dette, tromminga er særs fast i fisken, kunne tenkt meg meir variasjon her, samt meir grus av gitaren. Men eit røynd band verkar Imbalance å vera, eit band som har sett myrkret før, sjølv um eg ikkje tek av og flyg av det eg høyrer. Vokalen er det største pre'et, sterk og rå, denne kan høve i eit Death Metal-band òg slik den høyrest ut i kveld, og eg har sansen for Imbalance sin kombinasjon av dei to stilartane slik sett. Mannen veit òg å kunne fronta eit Metal-band, skikkeleg viking er han og kan dette med å få liv i folket millum låtane, sjølv um det vert vel mykje prat um å kjøpe skive i sofaen. 

Forgery heiter eit gamalt Thrash-band. Ikkje at dei har vore so kontinuerleg aktive sidan fødselen, er vel meir som ein løyndom blandt andre og nyare Thrash-band i hovudstadsrumrådet. Men her i kveld er det i alle fall sleppefest for skiva "Harbouring Hate". Med to gitarar uttrykkjer Forgery seg atskiljugt tyngre enn Imbalance, likevel er her visse likskapar i stilen med fyrebandet. Trass i sin høge ålder let Forgery seg ikkje inn på noko 80-tals svermeri, diverre, for min del. Nyskiva vert grundig presentert, vi får høyre mange låtar banka fram i ein maskinell – hadde nær sagt moderne Metal – form, med mykje grumt gitararbeid som er interessant nok i og for seg, men samstundes utanfor det ein kallar old school. Personleg kunne eg ha føretrukkje meir villskap framføre den ekstravagante riffinga som er kombinert med den støduge tromminga. Sjølv verkar Forgery uheilagt overtydde over det dei driv med, tett og presist, men den vanlegvis
 bitande vokalen til Anders Moen er noko lengre inne i lydbiletet i kveld, og synd er det. Bra med folk er her, og dei ser ut til å lika seg, Anders òg, han sler fast at "Vi spiller så taket faller ned" og syner fram ein røykvarslar som må ha ramla ned. He, he! Volum og tyngde er ikkje noko å setja fingeren på her. Bandet har kara til seg dyktige musikarar i det siste, og i låtane høyrer ein det ein kallar utvikling, lik det eller ei, men aldri har vel bandet vore so bra reint musikalsk.