INTO SICKNESS – Oslo – Skuret

INTO SICKNESS – Oslo – Skuret

Into Sickness + The Jasser Arafats + Grind Crusher

Klart for den tredje kvelden på Skuret på stutt tid. Det vil seia: Hardtslåande undergrunns Grindcore og Death Metal. Det er Nekro Booking som står for desse kveldane, kred til vedkomande som fyller på med klubbbkonsertar millum festivalane. Grind Crusher vert nærmast som husbandet å rekne i denne samanhengen, men tru no ikkje det er eit billeg trick å booke seg sjølv, for Grind Crusher står for noko av det mest kompetente av norske band eg har høyrt i det siste. At her er folk frå Diskord og Whip med i bandet er ikkje nokon grunn til å vera heime.

9d0fba772e363a24132ea335bdc584ff.jpg

Grind Crusher spelar Grind av det gamle slaget, til denne sjangeren å vera vartar Hans Jørgen upp med eit stort trommerepertoar inne i kvar og einskild låt. Det er tredje gongen eg ser dei og like herleg lèt det i kveld som på Elm Street i mai i år. Ein serie av stutte låtar eg ikkje har lært meg namnet på, akkurat; skal eg sutra for noko, ynskjer dei drog ein 4-minuttar til forandring.
 Men dette er ikkje øydeleggjande for digginga, for Grind Crusher pøsar ut skifte og variasjon uavbrote og kan gjeva ein headbanger ei vanskeleg uppgåve. Er det ikkje vokalen som skifter – den vert delt millum bassist Kai og gitarist Deathanie – so er her brått taktskifte eller eit bass-parti, alt i laupet av låtar på rundt to minutt. Bandet verkar godt samanskruvne, overgongar går overtydande lett. Har sans for trioar, når dei får igjennum kvart medlem so brutalt og livleg på ein gong som det GC gjer. Vokalen til Deathanie er heilt på høgde med Kai sin growling i kveld, herleg hås er den; og alle tre verkar som um dei storkosar seg med det dei gjer.

c600621931e3c9436fd2ed67d67b4e48.jpg

The Jasser Arafats er eit band frå Finland som var annonsert som Death Thrash, men her er sørgjeleg lite Thrash-riff å høyra. Derimot ein fast høgtempo Grind- Death Metal-aktig affære tydlege hamra fram frå trommemannen. Fem mann på lokalets vesle scene vart trongt, dei to gitaristane står ofte framme på golvet, med vokalisten og bassisten bak seg på scena. Breiare i sound'et enn Grind Crusher, men på langt nær so fengjande, verkar fantasilaust i samanlikning, og ein (venta) nedtur. Vokalisten ser ut som han nyss er innskriven på Blindern Nerdfakultet. Men skoda ikkje ein finne på hårsveisen, for han growlar i Gore Death-stil, um enn mindre røsleg på slutten enn i starten av settet. Still confused? Eigentleg ikkje, for The Jasser Arafats er ikkje ei krevjande lyaruppleving. Passar i so måte godt her i garden, for det er ikkje stort anna å gjera for eit band enn å entra scena og fresa ut det ein har å by på og vona på at lyden
 høyres bra ut; ljos- og røykshow er fråverande på Skuret i kveld som andre kveldar.     

5ce5fabbc774f94fe1b788a30ad34ddf.jpg

Into Sickness fortset der The Jasser Arafats slapp, heilt kompromissslaust høgtempo. Hakket meir fyldugt igjen, denne gong er det bassen som verkeleg driv skiten or dei få tilhøyrarane som her er, og ta med deg drikka fram på golvet! For ølglasa sklir langsamt og sikkert mot bordkanten etter kvart som låtane dirrar ut or høgttalarane. Ikkje det heilt store særpreget å høyra for ein meir riff-glad publikummar som meg, her er det slik at trommane driv fram låtane medan resten av bandet verkar meir som dei fyllar på med lyd, trass i at dei har to til å traktera gitar. Ei sann energiutblåsning er det då, og artig å fylgja med på trommeslagaren der han sit med høge aksler og vekslande andletsuttrykk, forfylgd av sitt eige tempo; han kan minna mykje um artsfellen sin bak trommane i Brutal Truth, slik sett. Bandet kan å variera sin Grind Death Metal i fart og rytme, utan at dei greier å gjeva meg den same friske live-feelinga som Grind
 Crusher gjorde. Into Sickness kjem til slutt med ein cover: "One Shot, One Kill" av Dying Fetus, og det skulle i seg sjølv borga for ein høg arbeidsmoral i bandet. Bandet har teke turen over frå Mexico for å turnera her i landet, fint gjort det, sjølv um det vert for mykje skravl um Noreg og Finland, samt helsingar til supportband og venar i millum låtane. På den annan side, er her jo ikkje stort andre menneske i kveld, og synd er det, for ein billeg penge kunne du få høyra eit av dei kvassaste banda på ei Oslo-scene no for tida, nemleg Grind Crusher. Kred til band som Into Sickness og The Jasser Arafats som dreg langveges for å spela klubbkonsert, likevel er her klår "heimesiger" i kveld.