SPEED METAL NIGHT – Oslo – Smuget

SPEED METAL NIGHT – Oslo – Smuget

Metal-kjensla er til å ta på når eg kjem inn på Smuget denne torsdagskvelden. For det er ein heidundrande line-up vi har framføre oss, med anar langt attende på 80-talet. Og: Endeleg ein kveld med rettleg Metal over lydanlegget før og millum banda går på.

1cf3ecf2957d1ba8d22e93f5d405592d.jpg

Når Deathhammer går på er her enda romsleg på golvet framføre scena, verst for dei som ikkje rakk dei, for desse gutane står for den mest brutale gamleskule-Thrash du finn her til lands! Bandet er rundt duoen Salsteen (gitar/vokal) og Stormoen (gitar), med i kveld er Bowel (Lobotomized) og Didrik Telle (Obliteration) på gitar og bass. HARDE rytmar vel plassert i Thrash-landskåpet, likevel ingen til å gjera den Thrash-korrekte Metal her! Ikkje for det, det osar gamledagar av konserten frå ende til annan, men dei henger seg ikkje upp i tekniske riff-formlar som skal bevara noko som helst. I staden spelar Deathhammer på Metal-instinktet: øydeleggjing, daude, liding og faen i satans helvete. OOAARRRGHH!          

386f6febba4029a60507d63cd12e72ce.jpg

Nekromantheon tek fatt der Deathhammer sleppte, rå-Thrash! I ein meir punka form. Noko kvassare i tromminga, samstundes lettare, låtane tenderar å toppa seg i stutte, poengterte refreng, slike ein kan høyra i punken. Tru no ikkje at dette går pent for seg, nei fy faen, Sindre Solem's grovbass trugar med å knusa det meste, so til gradar usjenert brautande at dei elegante riffa til Arild Torp ikkje kjem heilt til rette. Synd, for den karen har vanlegvis vettlaus grum sveiping over strengjane som ein ikkje høyrer hjå stort andre enn Blasphemer (i Aura Noir-samanhengjar)! Trioen vrengjer fram ein serie låtar som veltar og vrakar alt og alle rundt scena, medan bandet står med eit andletsuttrykk som ingen ting har hendt. Som med Deathhammer verkar Nekromantheon å ha ein grunnleggjande kompromisslaus innstilling til Metal som er henta frå stadar få vitjar no til dags. Stikkordet er: 25 år attende. Thrashicide, yeah!

64b91b3cd2e026d46eccfb25a0df4948.jpg

Tony Portaro ser ikkje heilt ut som han gjorde bakpå dei over 20 gamle skiveumslaga: er snau, mongolskjegg og har briller no. Men faen som han kan spela, nær heile reperotaret vert henta frå "Power And Pain" og "Ticket To Mayhem" – Whiplash' to fyrste skiver er ei uppvisning i Speed og Thrash, låtar med kontinuerlege riffstormar av denne mannen."Warmonger" kjem allereie som 2. låt og det rasar vidare. "Stage Dive" vert teke bokstavleg av nokon blant publikum; vidare: "Burning Of Atlanta", "Spit On Your Grave" og so burtetter. Kan òg lika den nye låta "Feeding Frenzy", den verkar litt feitare i gitarlyden, det kan trengjast, for Joe Cangelosi si tam-tam-tam ligg langt framme i lyden. Solid tromming, ikkje det, men ei skarptromme stel noko av autoriteten hjå The King With The Axe. Her er det eit jævla liv hjå publikum, mike'n får seg ei overhaling, ikkje heilt heldig, men det rasar vidare, vi får ei ny låt til, den der "Pitbull"-låta. Likevel
 tydeleg at trioen ikkje er her for å advertere nyskiva. Her er det den gamle villskapen som vert presentert. Og so brått slutt. Ufatteleg at dei allereie er ferdige, eg tuslar nesten ut. Då kjem dei tre seg på att og dei leverar "Power Thrashing Death" og "Nailed To The Cross". Oh, you unholy spirit.

5f1f460b2fd168f79a543baab6866a20.jpg

Agent Steel står for kveldens innslag av reinvokal, er i tillegg ikkje so familær med deira låter som med resten av line-up'en, og var skeptisk på fyrehand. Men vokalen treffer akkurat der eg tykkjer han skal, ikkje noko unaturleg fistel, og han held seg godt i tempoet, milevis frå sentimental-diva. Dei er hardare i gitarane enn eg trudde fyreåt, er det 80-tals skal det vera so, det vil seia langt frå filtrert lyd, og dei leverar eit sjølvsikkert og samkøyrd Speed-sett. Ja, Agent Steel er desserten i kveld, glir godt inn i miljøet, liksom, fyldåg Thrash-Speed rett i millumgolvet! Har ikkje personlegdomar på scena i same grad som fyrebanda, med eit stort unntak av vokalisten der han heng over frontrekkja av headbangarar med ein slu glis um kjeften gjennum heile gig'en. Publikum er eit herleg syn i seg sjølv, aldri har folk hatt det so moro på Smuget vil eg tru, dedikerte headbangers her, der ser eg jaggu ein med ein Blood Feast-patch! Kvar
 ser du det elles i året? Ingen er her i kveld er her berre for å "høyra musikk", det stikk djupare enn som so, her er Metal Merchants-stemning. No er det slutt, forresten. Speed Metal Night har vore i dåmen over 80-talet sine originale spirits. Ekte, livleg, kompromisslaust. HAIL.