ACEPHALIX – Oslo – Unholy

ACEPHALIX – Oslo – Unholy

Det er som um Deathanie har starta upp att sine Grind-kveldar i hovudstaden att; californske Acephalix er i byen og eg forventar kompromisslaus undegrunnsmusikk med vill spontanitet og brå rytmeskifte. Kveldens hovudband er Acephalix; på den beste undergrunnscena i Oslo: Unholy.

Summon The Crows vert avertert som Vestfold Thrash i kveld; settet deira er heller meir prega av Crust og Grind, spør du meg, for her går det intenst for seg. Den råe og sterke vokalen er på plass, um enn noko meir diskret enn vanleg; rytmistane dominerar, særleg tromminga – tung, laus og rask på ei og same tid, GROMT. Føregår meir agressivt enn det eg upplev når eg høyrar "One More For The Gallows" (2010) heime i heimen. Er nok ikkje den beste Summon The Crows-konserten eg har høyrt, til det vantar det nok gitar ut til folket, og eit avbrot på grunn av strengeskifte slår noko av lufta ut or settet; samstundes som bandet er sopass arge slik at eg får ei god kjellarpunk-kjensle av konserten.    

Acephalix frå California er neste og siste; er ikkje kjend med sakane deira frå før, desto større grunn til å få dei med seg. På plakaten står det crust, eg får i staden eit inntrykk av tung Grind. Bandet greier å meska seg i herleg grumsete "svensk" distortion, satans god slagkraft i skifte og uppstart etter breaks. Ikkje rett folksamt på Unholy i kveld, men musikken greier å få frontrekkja til å vogga i takt dei på scena, med hovud og overkropp; ein prestasjon i seg sjølv på ein onsdagskveld i Noreg. Dette bandet meinar ålvor, er heilt på haugget og flust med ljod i gitar no, utruleg at Acephalix berre har ein av det slaget, for dette kjennast skikkeleg! Høveleg lange låtar òg, trekkjer meg inn i dei anten eg vil eller ikkje; berre synd at settet brått er over, ei slik handsaming av hug og sjel kunne eg ha tenkt meg ei større dose av.

http://www.myspace.com/acephalix
http://www.myspace.com/summonthecrows