DESTRÖYER 666 & WATAIN – Oslo – Betong

DESTRÖYER 666 & WATAIN – Oslo – Betong

Konsertar på Betong si storscene har dette nattklubbpreget med bordsettingar rundt umkring. Folk er tunge i rauva og sit framleis ved borda når Deströyer 666 går på; KK Warslut lurar på kvifor, ventar dei på maten? Sjølv har han med seg niste, han Jack Daniel står trufast framved mikrofonstativet.

Dei mange frampå golvet, derimot, får seg eit skikkeleg Metal meal. For det sparkar godt, dette bandet; trommeslagaren verkar ikkje hemma av å måtte sitja imillum dei innpakka greiene til Watain, ser ut som han sit inne på eit bakrom. Dei typiske gitarsoli og leadtema ligg godt inne i lyden, vokalen har den dosa styggedom som er vanleg for australiarane, og når han Shrapnel kjem burt til mikrofonen sin, då!… skjelv det i ein. Bandet kjem langt betre frå det denne gongen enn under den uklåre lyden på Rockefeller i påska.

Deströyer 666 lagar sin eigen type Black Thrash, samstundes er den tradisjonell Metal, med småepiske innslag. Stridslåtar med veldug uppbyggjing. War Metal! Høgdepunkt er her flust av: "Sons Of Perdition", "I Am The Wargod (Ode To The Battle Slain)", "I Am Not Deceived", eller kva som helst anna frå setlista, med unntak av "Path To Conflict", vert tam i samanlikning. Avsluttar med ein råmetallisk skjerande 80-talsaktig Black Metalsk låt, får ikkje tak på kva for ein den er, men den får meg til å ynskje at dei ikkje går av.

2e1e7b904246c4a6ddff2db6b6ea49df.jpg

Eit tydeleg stilskifte er det når Watain går i gong, til meir typisk Black Metal. På svensk vis går det jamnt balansert for seg, slik kan det lett verta kjedeleg Black Metal av, men synes Watain har nok høyrbare låtar, hardtarbeidande vokalist og trommeslagar til at du vert ståande og lya. Og glana. Vokalen hans Erik er ikkje desperat på den sundrivande måten, heller ikkje gitarane, men den er so kontinuerleg og i rett tid heile tida. Her er det som vanleg tydeleg visuell stemning med mange tende faklar, og lite anna ljos. Han Erik driv òg med nokre småfaklar for seg sjølv stundom, framved trommesettet med ryggen til publikum, kva det er som skjer der veit då Faen. Langt koolare er introduseringa hans til einskilde låtar, "Legions Of The Black Light" – og fyrst frå då av kjem gitarane endeleg til sin fulle, kvasse rett – og "Total Funeral". Utan tvil støduge sakar av Watain, fleire gonger betre enn Marduk sin konsert. Men ikkje so rått medrivande som Valkyrja var her i september.

http://www.myspace.com/destroyer666band
http://www.myspace.com/watainofficial