MONGO NINJA – Oslo – John Dee

MONGO NINJA – Oslo – John Dee

Umsider kjem Deathhammer på scena. I kveld har Salsten og Sadomancer med seg Kickan (Nekromantheon/Audiopain) bak trommene, medan Sadomancer dreg i gitarstrengjer saman med Bowel. Overraskande løysing at Sadomancer ikkje trommar i kveld, er noko av merket til Deathhammer det, den bjørnetunge bankinga hans. På den annan side ramlar han vel berre av stolen. Tempoet her går rasande og dersom du vil ha  Thrash i jamt høgt tempo, spekka med god gamaldags kjeftevokal og stålriff, er Deathhammer bandet for deg. Er femte gongen eg ser bandet, gitarane overgår til og med Til Dovre Faller-konserten for to veker sidan. Usannsyneleg kaldt og metallisk der, har ikkje høyrt makan sidan eg høyrde Blood Feast i Tyskland i sumar; dette er rett og slett so sterkt at det smakar jarn, eg kjenner riffa i ganen. Albumet "Phantom Knights" (Witches Brew Records) er å få tak i no og dei slepper ut or seg nokre nylåtar, blandt anna sistelåta i kveld, "Queen Death",
 med ei siste utblåsing frå trommene (og cymbalane) du ikkje trudde var mogleg etter ei slik fartsseanse.

Når eg tidlegare har sett Waklevören har dei framstått som eit lunt og kompromisslaust live-band, med triveleg prat i millum harde låtar. Dette har bandet stramma upp, synes godt um det, har vorte meir intense i millum låtane. Det er som um dei leverar ei breiside i Gud sitt tryne i form av tordnande jordnær Metal, med vokalen godt inni. Alt er eigentleg so herleg Waklevörensk som det har vore før, berre tyngre og jamnare. Mykje folk i salen no, undrar meg over at dei ikkje står øvst på plakaten, for Waklevören er og blir eit kulturfenomen utan like. Blanding av Punk og Thrash Metal, utan å likna på noko av sjangrane, synes dei gjer sin eigen Metal utan dikkedarar i kveld. Konserten vert ein ny sekvens med full fart til helvete; høgtempotromminga hans Apollyon 13 driv fram den eine jorda Metal-låta etter den andre, og bandet lèt både so godskitent og veldugt at dei kunna ha rocka kvartalet over ende hadde dei fått halde på ei lita
 stund til. 

Mongo Ninja sprutar av engergi, ikkje berre visuelt, men òg i ein tung og brutal lydform. Anført av ein upplagt Kristopher Schau på vokal leverar heile bandet eit sanselaust trykk av hardcore rock’n’roll. Sjølv um rocken ikkje er so merkbar i kveld, svingar dette noko so inn i helvete. Dei køyrer den eine festlåta etter den andre i stort sett eitt køyr, trommene til Faust er kveldens hardaste, og det seier ein del. Schau får berre so vidt annonsert låtane før dei er i gong igjen. Mongo Ninja driv i same lydbilete som Waklevören gjorde, ein overrasking det, men ein aning meir rocka låtar og kanskje lettare å fordøya for Kvarmannsen. Sjølv tenkjer eg at det skal halda hardt å halda koken uppe heile settet igjennum når dei satsar so hardt med eit so pass, etter mi meining, lett låtmateriale.

Millum to låtar treng bassist Mads ein dopause og averterer etter ein basspelar i publikum for å spela for han medan han er på do, dette ordnar seg fint og Mads fyk av scena, bandet spelar vidare med vikar nokre minutt, so kjem Mads attende etter historias stuttaste migepause og tek over bassen att. Godt å sjå at dugnadsånda lev blandt rockepublikummet òg. Publikum elles herjar med, hoppar, dansar og headbangar, eg synes dette er den klårt "friskaste" konserten eg har sett av bandet, sviktar ingen undervegs. Føyer seg godt inn i kveldens knallstemning; alle banda har vore på eit jamt høgt nivå, huh!, null daudpunkt. Dei som har kome her denne kvelden kan seia å ha fått seg ei dose dei neppe hadde kunna fått ein annan stad.