SADISTIC INTENT – Oslo – Elm Street

SADISTIC INTENT – Oslo – Elm Street

Brått får me høyra at Old School Booking skal henta Sadistic Intent til byen, får tru dette vert skikkeleg annonsert for det er store nyhende for alle med det upprinnelege Death Metal-viruset i kroppen (i motsetnad til lette Gojira-forkjølingar). Når eg kjem på Elm Street, er her ekte Metal-kveld med nesten bra DJ-musikk, sal av band-trøyer og butikkbord med vinyl og CD’ar hjå Hans Jørgen sin No Posers Please! Records.  

Ikkje fullt eit døger sidan eg såg Nekromantheon sist, so her er høve til samanlikning; til dømes, gidd dei to gode konsertar to kveldar på rad? Ja. Ikkje uventa. Nekromantheon har ikkje tenkt å tulle med nokon, og eg synes det er "daudt laup" millum i kveld og gårdagens Til Dovre Faller-konsert. Hastig og hatefull Thrash, ingen brems eller slurv. Sindre annonserar "Alcoholy Terror" som "Hangover Terror" i kveld, men dette lèt seg ikkje merke i spelinga. Føremonet med å spela på Elm er at lyden ofte er klår, bakdelen er at denne lyden ofte er tunn. Nekromantheon er ikkje skapt for å laga tunne konsertar, trur eg, so her har me alle stor gaman av at riffa til Arild kjem skarpt og rivande fram.

Evildead er ikkje plassert på USA’s austkyst, men Thrash Metal’en deira er det i stor mon, altso av det meir enkle, punka slaget; Nuclear Assault light, kan du seia. Evildead er ein hekto tyngre enn skiver av Abattoir og Agent Steel, som fleire av medlemmane òg har vore med i. Eg finn ikkje denne konserten heilt på høgde med Nekromantheon’s køyr i stad, verkar ikkje som um mine medpublikummar gjer det heller. Kanskje vokalisten forstår dette for han seier "Drink more and we sound better", eg tek han på ordet og går dessutan langt framover, som er naudsynt for å retteleg høyre ein konsert på Elm. Heilt god er ikkje lyden no, skurr i bass, synes eg. Jobbast elles godt på scena, rytmegitarist Juan Garcia står i alvorleg konsentrasjon heile settet igjennum, og fingrane til lead-gitarist Albert Gonzales flyg som edderkoppar på gitarhalsen. Nokon typisk riffa Thrash-konsert er då ikkje dette, lell. Konsertens bestelåt kjem mot slutten,
 tittelsporet frå den 21 år gamle "Annihilation Of Civilization".    

Klokka er berre halv ti, men etter ein fem-ti minuttar lang svevande intro kjem ein av USA’s best kept secrets, Sadistic Intent, på scena. Og lagar eit dugeleg stygt helvete av Death Metal; plassert med begge beina i gamle dagars ritualar av trommer, bass, vokal og gitarar, heilt i ånda av sein 80- og tidleg 90-tal, lov å tenkja "Altars Of Madness" no. At dei gneistrar av innadvendt aggresjon er ein ting, og at heile lyden er so godt balansert som det er mogleg med eit sopass brutalt band, er ein annan. At låtane er ei usæl blanding av det primitive og musikalske er ein tredje. Lyddesken på alle dei tamme kveldane her på Elm har spara seg for denne seansa, her er ikkje daudpunkt. Høve til å rettleg njota kvart parti i kvar låt. Kolossalt truverdig og alt du må ha høyrd um Sadistic Intent kan eg no sanne.

Får mykje av det eg har i heimen, bl. a. "Ancient Black Earth", "Untimely End", "Asphyxiation", men òg andre; bandet har ikkje akkurat samlebandproduskjon av skiver, kanskje difor det dei lagar er so bra. At dei har snøring på laga ting, har dei synt med instrumentalar, i kveld får me "Resurrection", som glir over i "Funerals Obscure"; storgromt! Publikum er det bra av, men dårleg med, eg synes her skulle vore meir liv. "Morbid Faith", vil dei ha, og får til slutt, som ekstralåt. Har sett ein del konsertar i år, dette var visseleg ein av dei beste; av eit av dei beste Death-banda som er å finne. The underground pulls Metal through!