URGEHAL – Oslo – Elm Street

URGEHAL – Oslo – Elm Street

Frå Nekro Booking sin Grind førre måndag til Nekrozine & Booking sin Black Metal. Det er uansett booking-namn Deathanie (Grind Crusher, Krypt) som står bak. OG: Når sjælvaste Urgehal kjem til byen, sit me for helvete ikkje heime. Elm Street igjen. 

Profane frå Frankrike gjev publikum ein frisk pust av tidleg nittitalsnekro, i den grad den pusten kan vera frisk; i alle fall temmeleg iskald i gitaren, og bassgongen i ein myrk vandrande modus, innspelingar av Enslaved på den tida og Gorgoroth's "Antichrist" kan vera ei høvleg teikning på stemninga dei skapar. Dette er råkvasst lyarvenleg, med skiftningar inne i låtane som skulle varma kvart einaste svarthjarta Metalhead med sans for gamal norsk naturmetall. Primitiv vokal, for enkel og stutt til å vera typisk Black Metal, den ligg nærmare hardcore enn Black Metal, mannen gjev alt og kjem igjennum, men på eit einsforming vis og vokalen vert eit uvant innslag i det elles tradisjonelle; han overlet til instrumentalistane å skapa den gamle uheilage stemninga i settet deira. Noko dei verkeleg klarar, for den som vil ha The Old Necro Days Revisited. 

Urgehal krasjar mot oss, og gjer den mest skitne konsert eg har høyrt av desse satanisk-ortodokse villmennene, ikkje alltid vore slik med dei, men dei siste fem gongene eg har upplevd desse djevlane har gjeve varig mèn. Og i kveld: Fyfan! Herleg. Firar ikkje ein millimeter frå den upprinnelege formelen. Renton frå Sarkom har erstatta Uruz, all min skepsis mot at Uruz ikkje lenger bankar bakarst vert hamra til smithereens, rasande vill tromming, eit massivt terrestrial åtak veltar fram frå stikkene hans Renton. Utruleg og ufyseleg overveldande. Urgehal er ikkje berre Black'N'Roll, meir på tapetet her, som den finslege Enzifer-riffinga for den som har tid til å lya etter det, det er kanskje ikkje tilfelle for her eit jævla liv på golvet, har ikkje sett liknande på Elm (var ikkje på den berykta konserten med Nattefrost i april '08). Beste publikum eg har sett på klubbkonsert nokon gong?, horveleg folksamt og tett fremst, grassal moshing,
 straumen bylgjer fram og attende, sideleis, mot den lumske troppa og ned i golvet med dei som kjem ut i ytterstraumane.

Horns up når intro'en til "The Sodomizer" byrjar, men raskt ned att når Trondr Nefas anuserar låta: "Er det noen som liker å bli pult i ræva?! Er det noen som liker å bli pult i ræva?!" usjusj. "Goatcraft Torment" vert lesst fram, med og utan Enzifer som brått forsvinn og vert kalla attende av Nefas, Mannevond og publikum når låta er slutt. Når mannen so kjem attende, seier Trondr: "Han er jo bare en stusslig rytmegitarist", med eit smil (ja, det er sant!); for Urgehal syner seg verkeleg tilfredse med publikum i kveld (dei har ikkje støtt gjort det, nei) Mannevond arbeidar for å få upp temp'en hjå hopen, det gjev resultat, og i kveld synes eg denne fysiske aktiviteten på golvet eskalerar saman med "Risus Sardonicus", "Kniven Rider Dypt I Natt", den ævuge schlager: Sepultura's "Antichrist", og med mykje meir halvnytt og gammalt, ikkje minst "Satanic Black Metal From Hell". Mikrofonstativet sjanglar og bandet upplevar ølturke på scena
 grunna publikumsdansen, "Satanic Black Metal From Hell" avsluttar og Trondr gjev seg over til dei underjordiske rituala på golvet. Og eg står att med spørsmålet kva eg skal gjera etter slike konsertar, er det mogleg å venda attende til det jordiske liv? Vel, dersom du kan lesa de…