HJALLARHORN – Oslo – Elm Street

HJALLARHORN – Oslo – Elm Street

Hjallarhorn fyrar upp ein verkeleg bra start på tiåret med sin New Wave Of Classic Heavy Metal, legg vekt på Heavy, for det osar gamle dagar av dette. Eit band som er like so rutinert som dei er obskure. Med gjennumarbeidde låtar som ikkje er basert berre på vers og refreng, men med overgongar og riffing, som gjer musikken mykje meir interessant enn kommers US Metal. Dei dreg seg over i rask/midt-tempo Thrash Metal rett som det er. Vokalen har eg òg sans for, den er ekte og halvrå og gjer ikkje for mykje av seg. Godt! Verre er det med alt snakk og plukk imillum låtane, ville ha stramma upp konsertupplevinga noko der. På Elm Street kan ein stundom høyra kvart einskild bandmedlem godt framheva og samansette i lydmiksen, so òg i kveld, sjelekveikjande er det; sjølv um det – på grunn av det låge lydnivået i bula, og lokalet i seg sjølv – framleis er slik at konserten går føre seg framføre scena, lenger bak er det… hm. Overraskande
 brutalt val av coverlåt: "Creeping Death", greitt nok, i originalversjon er bomberiffnivået hakket høgare; uansett forlet eg åstaden i god stemning. Uvettugt å høyra på all dagens Metal (eller "Metal") utan å ha gått vegen um det livgjevande 80-talet, dette har Hjallarhorn forstått og leverar deretter. Hail Heimdall!