CREST OF DARKNESS – Oslo – Elm Street

CREST OF DARKNESS – Oslo – Elm Street

Metal er eit framandelement her på Elm – til og med på spelaren som skal underhalda oss føre og millum banda. Metal har ikkje lenger sin plass på denne staden, har vore slik ein lang periode, og alle veit det. Det forklårar kvifor Elm Street set upp konsertar som berre kan høyrast i den eine delen av pub-lokalet. Vankunne og forelsking i mjølkekua Kapital.

0fce086e431f71088bef679372941254.jpg

Ei god stund sidan eg såg Unspoken no, men her i kveld har dei ikkje den saftige lyden som eit Death Metal-band fortener. Gitarane har sprøstekt lyd og er høveleg for dei fleste Thrash-band, men høyrest merkeleg ut for Unspoken. No er ikkje dei noko frenetisk fartsband, låtane legg seg som oftast i midt-tempo, med god balanse millum dei forskjellige instrumenta og vokalen. Desto betre hadde det vore å høyra dei i feit innpaking. At Elm Street har dette over-distinkte lyduppsettet i utide er ikkje noko nytt, har hendt før når grumme Death Metal-artistar står på scena. Eg kjenner dessutan at trommane i kveld er av det forsiktige slaget – vert ekstra merkbart av di eg var på Nekro Booking sin hamrande Grind-konsert på Skuret kvelden før! Her er ikkje mykje folk, og Elm har eit lokale som tek piffen ut av dei fleste band, vil eg tru; ei rekkje med bord utover eit langstrakt lokale kan gjeva banda kjensla av å spela på samfunnshuset i Ørsta
 rett etter misjonsbasaren.

Likevel gjev Unspoken ein bra konsert, headbangarvenleg Metal, bandet gjennumførar dei fengjande låtane sine på ein måte som dreg meg heilt fram til scena (som uansett er naudsynt grunna det låge volumet), drikka meir øl og digga. Det er eit gjennumført handverk desse fem karane framførar: growlande, jamnt, stødugt og velspelt. Beteiknande for bandet covrar dei ein av Grave sin tidlegare låtar, um enn i eit snilt lydbilete, som før nemnt. Unspoken kan dette med å køyra gamaldags Death Metal med fengjande og lett groovande låtar, og det er visseleg ikkje siste gongen eg kjem meg ut for å høyra dei. Men på ein annan konsertstad, takk.  

8b423d4aa5bb2427ea3e41731cb2b449.jpg

Crest Of Darkness sin konsert får eg ikkje tak på. Er du fan av dei, får du vel det du vona å høyra. Medan eg upplever ei rekkje låtar som skiftar like ofte som ein kamelon i ein fargebutikk, so snart dei endeleg trykkjar på og er inne på eit artig, tungt parti, dauar det brått ut, eller går over i prog-aktig industriell vonløyse. Vokalen til Ingar Amlien er ikkje på topp i kveld, men det gjeld jo heile lydpakka, som før i kveld. Høyrer god riffing i einskilde augneblink, og bakarst sit ein grumt habil skinnpiskar esla til høgare uppgåver (les: Enthral) enn dette bandet. Dugleiken hjå  enkelte bandmedlem er so visst til stades, men heilskapen treff meg ikkje. Eg droppar siste halvdelen av gig'en, for når Amlien går av scena millum to låtar, tek eg det som eit hint og forsvinn ut i haustnatta.