DESTRUCTION – Oslo – John Dee

DESTRUCTION – Oslo – John Dee

Sjølv um trioen Scared To Death ser ut som dei er henta rett frå Handelshøyskolen leverar tyskarane eit respektabelt sett av tradisjons-Thrash. So herleg å høyra desse reinspikka Slayer-inspirerte gitarriffa i ein ganske bra so lydmiks. Eg kosar meg frå start av. Sodomsk vokal og tidvis Destructionske bassparti. 80-talet er ikkje langt unna, lell. Trommesettet er plassert langt framme, framfør Marcs, god idè, for der vert det hamra fram presist. Kunne ha tenkt meg meir høgtempo-Thrash, men bandet treskar på utan slark og slufs og landar godt over tag'en "greit supportband". 
Ikkje lenge etter er Debauchery i gong. Atskillig meir brutalt no, sjølv um den smilande og abnormt joviale vokalisten opnar settet med å seia dei spelar rock'n'roll, er det ein-gitar-Death Metal som gjeld. Tykkjer der går for tungt og monotont stundom, nesten stakkato – og det er dauden for Metal, spør du meg. Litt meir fart på bassen hadde gjort seg, ja, han stod framlut og berre hekk mykje av gig'en. Der growlast rått, vekslande med vrengte kvin, tøft nok. Det heile går på det jamne, noko for Cannibal Corpse-fansen, kanskje, men dei var jo ikkje der. Nesten ingen andre, heller.
Tida nærmar seg den store Antichrist Thrash-openberringa eg har venta på. Men eg vasar rundt  forvirra og splitta i mitt indre over to ting – over det at ein av verdas Thrash Metal-legendar er i ferd med å gå på og over det at folk doesn't seem to care. Men ein pratsam Schmier synes ikkje å vera særleg affektert, ber greitt nok headbangers som nyttar denne kvelden til å fyka rundt juletreet å dra til helvete. Og lovar at å gjeva oss ein fest av ein konsert. Verkar som dei hadde tenkt å drepa oss med, for i starten høyrer vi John Dee på sitt normalt nitriste, gromlåtar som "Bestial Invasion" og "Eternal Ban" kjem meir som ein serie bombeeksplosjonar enn som True Thrash, og Mike er knapt å høyre. Har røynt dette før, band som Destruction er for store for denne vesle bunkersen. Eg steller meg langt bak for ei stund, utan at det hjelp."Urge – The Greed Of Gain", ein komande barhymne frå nyskiva kjem sendande, til me vert leie den. I
 alle fall: frå og med "Life Without Sense" byrjar her verkeleg å dirra, og folk kosar seg og moshar vilt, so kva syt eg for? So hevar det seg formidabelt: "Metal Discharge", "Death Trap", "Thrash Till Death", "Invincible Force" – eksellent Thrashinferno med den avsindig herlege bassgongen som var eit kjenneteikn på det tidlege Destruction, og slik Iron Maiden kunne ha spelt um dei hadde hatt vett til det, riffa kuttar vilt rundt seg og Schmier går i fistel. Det finst ikkje betre vis å verta mishandla på. Eit par pausar bak forhenget, men so stutte at dei berre aukar spenninga. "Curse The Gods" opnar siste akt, men no hamrar Marc so vilt og bandet lèt so maskinelt at låta kvomnar nesten, eit lite drawback der før ein drepande serie med  "Nailed To The Cross", "Mad Butcher" og "Total Desaster" som endar gig'en med villskap på topplan . Nær ein og ein halv time har gått, kvar vart tida av? OK! Jula er snart over og Thrash Is Forever!