White Tundra – ute med ny single
- by Eternal Terror Admin
- Posted on 11-06-2021
White Tundra – ute med ny 7” single
Med groovy, riff-sterk stoner-rock som får blodet til å pumpe, kombinerer White Tundra lengselen etter syttitalets tungrock saman med nittitalets stoner-scene.
Med eit hardt driv, dobbel gitar og kompromisslaus vokal, leverer bandet energiske og intense konsertar. White Tundra har holdt på i fire år, og har laga ny musikk heile tida. Dei slapp sin fyrste EP "Graveyard Blues" gjennom All Good Clean Records i 2020, og har no ein ny singel, sjutommaren "Honningfella", som er ute idag, 11. juni.
Låtene kan høres her https://orcd.co/wthsi
Etter eitt skifte av besetning i etterkant av Graveyard Blues, har dei raskt produsert ny musikk og returnert til studio. Gruppa har arbeid trygt gjennom karantene, og har no to virus-resistente beist av nokre nye låtar klare. Miksing og mastering er utført av Niklas Källgren, frå Truckfighters og Enigma Experience i Studio Bombshelter.
Gruppa har røtter i gjørma av stoner-rock, inspirert av band som Enigma Experience, Uncle Acid & The Deadbeats, og Skraeckoedlan. Bandets kombinasjon av fengende melodiar og mørke stemningar vil snike seg innpå deg og treffe deg akkurat der det gjer godt når du finn deg i det brakande landskapet dei har kalla Honningfella.
White Tundra har utvikla seg til ei solid livegruppe etter fleire konsertar i Trondheimsområdet, og er no meir enn klare til å kome seg på scena etter eit konsertfattig – dog ikkje heilt tomt- sjukdomsherja 2020.
Singelen slippes på alle strømmeplattformer inkludert BandCamp og som 7" på fysisk format.