VULCANO – Oslo – Betong

VULCANO – Oslo – Betong

Skikkeleg Metal-kveld, DJ har Vomitor på spelaren når du kjem inn i lokalet. Set deg og drikk. Snart kjem storfint besøk frå Brasil. Nekromantheon i myrklyd i kveld, harvar godt igjennum settet sitt i vand høgtempo; har dei siste gongane for lengst vorte overtydd over at bandet læt like ramt som kvartett – 2. gitarist er som før Olav Knutsen (Infernö, Lamented Souls etc.). Rått køyr. Fleire band burde byrja å drikka av vatnet på Kolbotn. Tapp det på flaskar og sel det under eit passande namn, t.d. tittelen på Nekro’s fyrsteskive. 

Europa-turnèen "You Are Warned…Vulcano Strikes Again"; Vulcano er i Noreg for fyrste gong, i den grad ein kan seia dei er her no, berre Zhema er att frå dei STORE åra på midten av 80-talet. Det spelar tydlegvis lita rolle for Vulcano leverar mange frå "Live" (1985) og "Bloody Vengeance" (1986) uansett. Tre-fire frå nyskiva. Skilnaden på dei nyaste og gamalt her i kveld er at gamallåtane er meir uventa "samanskruvd" og nyingane meir rett fram. Og der kjem "Gates Of Iron" frå comeback-skiva "Tales…" (2004). Storgromt!  

Sylskarpe soli- og leiargitar stikk fram, mistenkjer han Zhema for å gjera dei, eg ser ikkje so godt, horveleg bra med folk, dessutan har eg hovudet på høgd med øvre del av bringa. Trommeslagaren er i storform, ålder ingen hindring, vert nesten for mykje av det gode, hehe; men eit fast (òg i den engelske tydinga av ordet) og fagert (i heidensk tyding) sett av thrasha Death Rock’N’Hell, heilt som forventa og det seier faen ikkje lite. Avsluttar med "The Evil Always Return" frå "Thunder Metal"-split’en (2006). TOTAL DESTRUIÇÂÂÂOOO