SVARTTJERN – Oslo – Rock In

SVARTTJERN – Oslo – Rock In

Svarttjern’s andre album "Towards The Ultimate" er ute, på Agonia Records, og her er sleppelag for den i kveld. Fyrst ei lita historie um då bandet hadde med seg debuten "Misanthropic Path To Madness" på Elm Street for to og eit halvt år sidan: CD-umslaget den gongen – fotografert av Eternal Terror-fotograf Francesca (Red Art) – hadde vorte "sensurert" på grunn av pupper og blod, men trykkeriet hadde ved ein feil lagt dekkearket innanfor coverfotografiet, ha ha haaa!! You can’t stop blood’n’roll.

Astaroth dreg i gong denne Black Metal-kvelden. Frå fyrste stund råskrikande vokal og eg likar verkeleg den kalde, uheilage ljoden bandet får av lydmannen Rob, den klirrar! Og står seg godt til den gamaldagse Black Metal’en deira. Trur ikkje Astaroth skal bry seg mykje um at dei nesten feiar golvet tomt framføre scena under konserten, for bandet legg seg i eit smalt lende, sjølv til ekstremmetall å vera, og kan vera vanskeleg å fordøya for mange. Blod-rivande og -drivande. A touch too much av helvete for nokre, hugs på at staden er på Rock In. Vokalen er som nemnd ekstrem, naken umenneskeleg hat, men den brukar same uppskrifta på alle låtane, kan vera einsformig i lengda. Ikkje vakkert, ikkje variert, men du faen so herleg å få ruska upp i seg føre Svarttjern. Skål.

Svarttjern gjev ein aning myrkare konsert enn Astaroth, med ljod meir i retning Death Metal enn fyrebandet. Vokalisten Hans Fyrste (òg i Ragnarok) er eit funn frå helvete, ei valdsam røyst på den karen. Eit godt samkøyrd band er Svarttjern visseleg. Bandet er ungt, men lèt gamalt. Meiner ikkje med det at det er so ultra Old School Necro Black Metal dei lagar – kunne forresten tenkt meg meir i den retninga, at instrumentalistane var meir vågale – men at Svarttjern verkar displinert røynde og sikre i kasta; skiftar tempo utan vanskar, for å seia det mildt, og det går lynande fort stundom. Satan glisar i bukkeskjegget sitt i kveld. Er det eg som ser dubbelt, eller er det ei bra folkemengde her? Gledeleg, og eg får inntrykk av at bandet fortsatt er sopass cult at dei får eit konsertpublikum som kjenner Metal.  

http://www.myspace.com/svarttjern