EXECRATION – Oslo – Unholy

EXECRATION – Oslo – Unholy

Det er med stor fagnad og forventing eg ser at Unholy inviterar til enda ein konsert, dei siste dagane har Troll og Forcefed Horsehead/Nekromantheon/Whip spela her; denne gongen er høvet Execration’s skiveslepp for "Odes Of The Occult" som leverast av Duplicate Records. Er berre å ha seg inn døra og ned troppa.

Og rekk ikkje meir før supportbandet Grind Crusher går i gong. Vel, "går" er ikkje rette ordet å skildra denne trioen med; her er stor hastugheit og bråe kast i rytmeendringar, beinkvasst administrert av Hans Jørgen Ersvik, er utruleg kor mykje variasjon han greier å fletta inn i ei og same låt, meisterleg. Som andre band får Grind Crusher eit myrkare sound her på Unholy, dette høver bandet jævla godt. Alle tre, HJ, Deathanie og Kai, har sine vokalparti, Kai gjer mesteparten, det retteleg gufsar gravkalde av den. Låtane kjem ramlande over oss i eitt køyr, utan pausar, GC leverar ein konsert som er fast i fisken og rå i kjøtet, kan visseleg måla seg med alle dei topp-konsertane eg har sett av dei før.

Eit lokale som Unholy verkar å vera som skapt for eit band som Execration. Ljod og interiør er heilt i tråd med deira myrke og tunge Death Metal. I Execration òg finn eg utradisjonelle låtdelar uppi det gode gamle "Altars Of Madness"-soundet; dessutan har dei desse taktskifta som pløygjer seg fram; er særs coole desse bråe overgongane frå sakte fart til kompromisslaust høgtempo når bandet har dette tunge sound’et, heilt eksepsjonelt bra. Execration greier igjen å laga ein daudens forgard av ein konsert, suggerande! Karane har full tenning av innadvendt aggressiv Old School Death Metal gjennum heile settet.