WITCHHAMMER – Oslo – Gamla

WITCHHAMMER – Oslo – Gamla

Devil greier ikkje å taka meg so hugheilt som bandet gjorde på Metal Merchants i år, skuldast helst lokalet, for Gamla liknar meir på ein busskø enn ein konsertstad; ein avlang gymsal liksom. Scena er for høg òg. Same faen, Devil bandet rockar godt på sitt eige vis, NWOBHM med stonerrock-tendensar. Me får fleire låtar både frå og utanum skiva "Magister Mundi Xum" (Unborn Productions, 2010), bandet har ei evne til å treffa godt med låtar som "At The Blacksmith’s", "I Made A Pact…" og fleire til. Trass i at Metal’en deira er skore over ein snever mal med liten skilnad millum låtane i tempo, synest eg Devil fengjar og gjev meg ein 70-talskjensle.

Profania hoppar inn i staden for Vesen, er fjerde gongen eg ser bandet og dette er den mest tordnande, det skal vera visst; er eigentleg noko eg har sakna frå Profania-konsertar før det: Ofse og krut! Samstundes som eg verkeleg kunna tenkt meg mindre bass og trommer og meir av gitar, for der anast finstilt riffing som burde koma sterkare igjennum lydmiksen. Vokalisten har ei god røyst, men dei lange verselinjane som vert sunge titt og ofte høver ikkje so godt inn i den intense Metal’en dei gjev frå seg her. Meir kjefting i vokal hadde gjort seg. Slik som på coveren "Mandatory Suicide".
 
På 80- og tidleg 90-tal var Noreg òg på Speed Metal-kartet òg, takka vera sarpingane Witchhammer. I kveld er det sleppelag for "Chapter 3: In Serenity And Awe", utgjeve gjennum bandet sjølv, burtsett frå "The Lost Tapes" (2000) er nyskiva det fyrste bandet har slept på tjuge år sovidt eg veit. Ikkje at åra har lagt seg rundt livet på bandfolka, her er det fast og rein fartsmetall, og vokalen feilar ikkje trass i at den er variert og går særs høgt i oktavane, held seg klukkeklår heile tida og står seg godt i musikken. Hadde tenkt meg lite meir råskap akkurat no, nokre låtar er "for varierte", med andre ord: romantisk skrot; dette er berre unntak, men dreg ned konsertupplevinga. For folk med dilla på pent uttrykt Metal må denne konserten vera horveleg god.