ENTOMBED – Oslo – Betong

ENTOMBED – Oslo – Betong

Helldealer er i gong når me kjem og det er med ein gong sikkert at den medrivande konserten deira på Oslo Musikkfest i fjor ikkje vert gjenteke her i kveld. Til det er det for mykje berg og stein og for lite gitar, med unntak av ein sjeldfengt gitarsolo som kjem glidande som ein olja krumsabel. Men elles lét dei flatt i høve til den rocka Metal’en dei er kapable til, ein får liksom ikkje høyrt bandet.

Wyruz plar å levera finskore granitt ut til publikum. Kuttar og thrashar hakket friskare enn Helldealer, men bandet er ikkje attkjennande frå tidlegare konsertar. Ikkje at eg må høyra Metal so himlande reint og reinska, men skal ein rettleg digga Wyruz live trengs det anna farge på lyden.

No har det brått vorte folksamt her inne, Entombed sin flokk rekkjer langt ut over Death Metal-kjerna. Vil ikkje seia at folk går frå konseptane akkurat, lurar av og til på kvifor folk går på konsert i det heile teke, lite headbanging her, med unntak av L-G sjølv. Som vanleg er der ingen atterhald hjå denne mannen, noko meir beherska hjå instrumentalistane, og konserten er ikkje det mest hugtakande eg har høyrt av svenskane. Få andre band har tilsvarande livevenlege låtar som kan ruska upp i ein, det dundrar greitt i kveld, men utan det vesle ekstra dei plar å rasa med. Ja, ja, sann, sjølv um dette var ei tam førestilling til Entombed å vera ligg den og gnurar godt i bringa når eg liksom er på heimveg.