SUMMON THE CROWS – Oslo – Blitz

SUMMON THE CROWS – Oslo – Blitz

Ei meiningslaus høgtid er over oss. Korleis koma unda den? Gå på konsert på Blitz! For å gløyma heile skiten. Rimeleg er det òg: 60 kommanull kroner. Og line-up’en er spanande og variert, sjå her no:   

Nekromantheon: Thrash Metal noko so inn i hellllllvete! Når det lèt so friskt/rått i gitaren hans Arild kan det berre gjerast ein ting – headbanging! Blitz kvesar fram kvasslyd, og Nekromantheon busar fram med eit sett utan slurv og slark, mest som å høyra skivane. Trass i at den eine cymbalen hans Kickan går i dørken, so leverar bandet (enda) ein konsert so fylt av Old School Thrash at du veit ikkkje kven eller kva til slutt. THRASH METAAAAAAAAL!

Okkultokrati spelar godt på lyden her på huset, alle kjem godt i gjennum, bass, raspegitar og tromming som tek sikte på å knusa det meste, herleg i dei raske delane. Og vokalen er meir skrikande enn eg har høyrt dei før, og godt er det. Ikkje lett å høyra på Okkultokrati for upptrena Old School Metal fans av di bandet åldri køyrar noko typisk riff, men likevel, dette her i kveld er det råaste eg har høyrt av bandet av dei tri gongene eg har vorte mishandla av dei.

Faen, den vokalen der! Mange Grind/Death Metal band kunne misunne den, og Summon The Crows er ikkje redd for å lage saktare låtedelar, heller. Bandet lèt gnistrande hardtrakka og i det heile teke, i kveld, er lyden på Blitz skitrå og førar no fram enda eit band som driv tak ein og kastar ein rundt. Bandet har (snart?) ute ei ny skive, nokon som ein bør halda vettet ope for, for dette herjar hardt med nokon einkvar. If you dare, pussy!

Jævla triveleg konsertkveld, dette. Heilt vedunderleg storarta glimrande og ypparleg at undergrunnsbanda i (eller rundt) Oslo kan halda eit slik nivå. Triple 6!