BLACK BREATH – Oslo – Garage

BLACK BREATH – Oslo – Garage

Frå jubileum (Elm Street) til gravøl; Garage i Oslo skal snart leggjast ned. Så bra! Plassen er jo skitkjedeleg arrogant. To bra konsertar i året, liksom.

Redd! minner meg um ei lettare utgåve av Grind Noise-bandet Fuck The Facts. Vokalisten skrik noko so inn i helvete, i lengda einsformig, men er vel ikkje meininga at dette skal vera nokor lettfatteleg seanse. Desperasjon angst klaustrofobi. Sjølv um musikken høyres meir variert ut bak alle skrika; trommeslagaren slår i alle retningar på ein gong, særs rask og skiftande, ein imponerande uppvisning i seg sjølv. Men dette dreg ikkje i gong dei andre instrumentalistane på same vis. Kunne tenkt meg meir av gitarane når dei fyrst har to av dei.

Okkultokrati er òg plåga med veik gitarlyd ut til publikum i starten, til bandet sjølv må gjera lydteknikaren merksam på dette. Bandet gjer frå då av ein ny bra konsert trass i at dei lèt snille i kveld mot det dei gjorde på John Dee i september. Det er som venta ikkje mykje riff å høyra her, men dei varierar i tempo, i låtar som antakeleg er uvande å høyra for tradisjonelt orienterte Punk- og Metal-fans. Uttrykket til Okkultokrati er fyrst og fremst myrkt og innadvendt; det greier dei å ivaretaka i millum låtane òg, ikkje mykje overflødig prat her.

Med Black Breath er ein på tryggare grunn um ein vil høyra Death Metal-orienterte sakar, kveldens tyngste og mektigst-låtande band. Crisp Swedish Sound med ein bra eld i gitarane. Den raude tråden for kvelden er visst variasjon, for dette US-bandet har òg ein del låtdelar som bryt av dei intense. Sjølv kan styra meg for desse meir stakkato delane, vert tamme pausar av dei. Høgdepunktet vert Sepultura’s "Desperate Cry". Konserten er visseleg godt gjennumført. Men eg står att med eit inntrykk av at det er ganske vanlege greier dei køyrer, med ein hang til å vera so samla i uttrykket at ein ikkje får fram den ville råskapen som Metal er. Kvar er likosen?