NEKROMANTIC NORWAY – Oslo – John Dee

NEKROMANTIC NORWAY – Oslo – John Dee

Okkultokrati er eit band eg sett fram til med spaning, og dei leverar ein dyster konsert som står heilt i stil med årstida. Den tunge opningslåta minnar meg um seighelvetet Asphyx gjer på låtar som "Diabolical Existence" og "Evocation", um enn med ein snillare gitar (dei fleste band har det). Dermed er eg heilt med! Myrkt og introvert med ein stor dose angst. Bandet hadde fortent meir attendeleven frå publikum. Ikkje den mest riff-prega eller headbangarevenlege musikken du finn, for rytma skifter ofte, utan at det tyder at bandet er kjedeleg; til dømes gjer Diskord (landets ypparste Death Metal live-band) det same med stor bravur, og Okkultokrati greier å halda koken uppe i både tunge og raske parti. Veit likevel ikkje um Okkultokrati hadde desse Metal-referansane i tankane når dei laga sin musikk, men det er slik eg høyrer dei. Og held bandet dette uttrykket ved like er det eit band eg vil høyra igjen.  

Haust sitt uttrykk ligg jo ikkje langt unna Okkultorati sitt, men utan det same trykket i gitar og vokal – trommer og bass herjar herleg, riktignok – vert ikkje dette nokon upptur frå fyrstebandet. Tvert imot. Enklare og dermed i utgongspunktet meir live-venlege låtar, men utan den gromskitne gjørma vert Haust monotone i samanlikning. Meiner å ha høyrt dei råare før, då på Club Maiden (RIP) i november ’07.

Årabrot har samla ein bra hop med folk i lokalet. Her har det eigentleg vore bra med folk i heile kveld, men kva alt pratet um dette bandet har vore godt for skjønar eg ikkje. Det er tydeleg enkelt å lage  "musikk" i år 2010, for dette lèt myrkt og veldugt, men særs mykje monotont. Dette er jo passiv dødshjelp, og heilt utan energien til Okkultokrati. Allereie under fyrste "låta" ynskjer eg meg heim for å høyra på Carcass. Det synes eg Årabrot burde gjera òg. Eg forlet John Dee tidleg, hende det noko spanande seinare kan du skriva det inn på skjermen her: