OSLO WE ROT – Oslo – Garage

OSLO WE ROT – Oslo – Garage

No er her duka for årets Death Metal-fest! Fire av landets unge band innan sjangeren skal presentera sine – i høgste grad sjølvstenduge – bidrag til Death Fuckin' Metal!

Unborn Productions samlar desse fire bandane på "Oslo We Rot"-sjutommaren; ein idé som "Überthrash"-utgjevingane for nokre år sidan. Eit ypparleg ramsalt tiltak mot cybermusikk-trendane.

OK! Eller "Allright!" som det heiter på Garage i desse dagar (Bömbers spelte her i går), Lobotomized er dei som opnar ballet med sin direkte og hardtslåande Punk-som-renn-hovudet-i-eit-halvrote-kadaver-Death Metal. Stutte låtar, vokalen hans Skrapparcarcass er til stades gjennum mest heile settet; synest han growlar vanvetugt bra i kveld, sjølv i låtane med meir, hm, uartikulert lyrikk er det ein prestasjon halda det høge tempoet so jamnt sint som han gjer. Lobotomized har to nye i staben etter DoH og Dieselpikk, Lian og Rustad frå Abominat, fyrstnemnde som gitarist, og som katolsk pater i pornobartforkledning, og det er lite å seia på dette nye mannskapet, for Lobo leverar hatten og parykken full av langsam, skiten Metal som eksploderar i frenetiske fartsskifte. Særleg frå "I Cum Beer" dundrar det fram so margen skjelv i meg. Eit bisarrt paradoks, som høver godt til desse karane: landets mest humoristiske Metal-band er òg det mest aggressive.

No er vi i høveleg stemning – eller? Garage har eit diffust klientell, so eg veit då faen, eigentleg, makan til uppvarming skal du uansett leita evig etter, og Execration får meg til å flyta vidare i deira innadvendte stemning av små og store rytmeskiftingar innpakka i eit massivt myrke; musikken er ein sjøorm som buktar og vrir seg i svarte havet og stundom dukkar upp her og der for å blåsa ut fosfor og svart røyk i form av vokalane til dei to gitaristane på flankane. Som vanleg står Jonas Helgemo i midten, i fleire tydingar av ordet, for Execration er full av utradisjonelle arrangement og riff-endingar, men i kveld er det bassgitaren hans som lagar brorparten av stemninga som kjem ut or lydmiksen. Avlange låtar i motsetnad til Lobotomized's utblåsningar, Execration rekk ikkje mange låtar, men som nemnd ligg forcen deira i stemning utan repetive låtdelar og dei landar settet i same form som dei byrja: Ulmande vreide i myrktrykkjande klaustrofobi.

Spørs um Garage's lydgreier klarar å husa det helvete på jord som kveldens line-up er i stand til å skapa, for no byrjar det å lèta vèl rufsut, roten lyd har eg ikkje noko i mot, hehe, men skurr er verre; og å gå bakover i lokalet for å få eit anna inntrykk kjem ikkje på tale når Diskord er på scena. Har ingen problem med å digga denne trioen sin tilnærming til Death Metal uansett kor mykje miksebordet er nedsløva av andre konsertkveldars dillerock. Diskord gjev som vanleg ei tromme- og vokal-uppvisning av det sjeldfengde av Hans Jørgen Ersvik, og saman med Espen Hangård (gitar) og Eivind Axelsen (bass) lagar dei den mest sære Death Metal i riket – Doomscapes forever! Diskord røyver seg på kanten av "det moglege" for eit gamaldags Metalhead som mitt, men alltid treff dette bandet rett i millumgolvet, og uttrykket deira er det råaste, kaldaste og samstundes kompetente eg finn på ei scene, skurr eller ikkje. Diskord er landets Death Metal Band no.1, sopass nøytralt må eg få sagt det. Medan eg lurar på um folket i salen forstår kva for ei gåve av eit program dei har fått i kveld.

Obliteration er i gong før eg anar det, spelesvoltne og fulle av faens Metal, henta frå dei henfarne tider då ingen gjekk rundt og "definerte" Death Metal som ei standardpakke levert frå studioar i Florida. Å koka i hop ei slik sviande salve på mange gamle kjelder og soleis laga ein so sterk dåm av METAL er få andre band i stand til å gjera. Metal in the veins! Tromminga hans Kristian Valbo er av det skarpe slaget her i kveld, jagar i gong dei rasande åtaka millum meir saktegåande nekromarsjar, han er òg den av Obliteration som kjem klårast ut av lydmiksen. No er ikkje "rein" lyd noko stort poeng her, Obliteration driv fram slagg og nyutbrent malm frå rotne myrer uansett og skulle rocka luggen i ulage på kven som helst. Skulle det, ja! Men: Her er folksamt, likevel står "publikummet" og glåmer som ein attgløymd saueflokk på fjellbeite. Ingen pog'ar her sidan Lobotomized, og er ikkje folk turre nok bak øyra til ein gong å headbanga til dette undrar eg på kvifor dei kjem på konsert i det heile teke. Veit ikkje kor mykje denne likesæle hopen legg ein dempar på dei fire på scena, for kveldens gig veltar fram minst like monstrøst som "Nekropsalms"-sleppelaget på Funhouse i november, bandet flerrar upp skinn og saltar såra med growl og skrik, riff frå Hel's salar, granittbass og rundbanking av alle ikkje-truande. Metal. Metal! METAL!