FUCK THE FACTS – Oslo – Funhouse

FUCK THE FACTS – Oslo – Funhouse

I serien Grind Around The City, hehe, er turen komen til Funhouse. Ein flott stad for musikk! Glupt trekk av Nekro Booking. Og billetten kostar berre 60,-. Um lag det du brukar på kwh på å lesa dette:

CT Prevail såg eg varma upp for Entombed på John Dee for to år sidan, hugsar ein langt meir rock-prega affære då, her i kveld er det skikkeleg kjellarcore utan fiksfaks. Vokalist-gitaristen er uppsett på å få igjennum vokalen og får det til, men noko einsformig der og i gitarane gjer at konserten ikkje vert særskild minneverdug; flat Thrash i hardcore- og punk-format? Verkar i alle fall som at bandet lagar det dei vil utan sjangerbindingar. Og slik gjev rom til meir inspirerte ytingar som "frisk" trommehamring og artige bassgonger; slik at CT Prevail absolutt er verdt turen ut av hiet ein sein måndagskveld.

Fuck The Facts: Ein lydvegg, nei ein vegg står i ro, eit tog er betre. Massiv villtempo Grind med særs få aningar um melodi trass i at dette var annonsert på plakaten. Bandet er innum oss på sin Europa-turnè. Noko unna the beaten path of Grind er canadiarane, men sjeldan særleg merkbart, dei sampla introane og dei lange låtane, einast. Den vesle Doom-delen i ei av låtane er glupt innsett i sjangeren, gitarsamspel, der den eine er med plektret på strengevibrasjonen og frå den andre svarar med tung crunch. "Kvinneleg" vokal av eit slag eg ikkje har høyrt sidan Melinda Jadedlungs i Adorior på Club Maiden (RIP) for eit par år sidan. Bassisten hjelp til stundom med grovare bjeff, men Fuck The Facts er ikkje av denne moderne stilen med to vokalar som vekslar, den vesle jenta, Mel Mongeon, har mykje lyd i seg og styrer vokaldelen rått utan at det vert slitsamt. Ikkje for tilhøyrarane i alle fall. Fuck The Facts leverar eit valdsamt lydåtak,
 høver gromt inn i den Grindrekkja som Nekro Booking har servert i hovudstaden dei siste månadane. Prøv å headbanga til detta! So skal vi treffast att med nakkekrage levert av næraste sjukestugu.