FRAMFERD – Oslo – Elm Street

FRAMFERD – Oslo – Elm Street

Zareptha Deformed lagar låtar som ikkje fell heilt til min kant, til det er her for mange uppstykka eller rolege parti upp i eit elles godt framført sett. Unntaket er fyrstelåta som set meg i stand til å høyra det gromme i låtane seinare. Zareptha Deformed har fire heiltente, presise og kompromisslause instrumentalistar bak ein sterk vokalsjef, og det er ikkje mangel på herleg høgtempo trommehamring i periodar. Dette er vel like mykje hardcore som Metal. Bandet skal, eller har vore (torsdag 18.), på Oslo's Wacken Metal Battle der dei burde ha ein sjanse.

Concrete får eg større problem med, core av eit eller anna slag. Igjen eit sett utan slurving, habilt og sjølvsikkert gjennumført i alle ledd sovidt eg kan høyra, før eg går ut. Sopass myrk knyttneve-musikk kombinert med tangent-plopp-plopp og låtar som eg ikkje får til å hengja saman… det er eg for gamal til, diverre. Smak og behag. Dette Tønsberg-bandet har sine fans dette òg, og det kan eg forstå, for kvalitetar er her. 

Framferd er klare med sin "Landgang" (Black Lotus Productions). Desse Black Metallarna såg eg på eit røykfylt Hammarslag Kick Off i 2006. Eigen trommebalkong (Støperiet, Tønsberg) og tordnande stemning var det. Her på Elm no har eg ikkje forventingar til eit same slag inferno. (Har vore her før). Før dei går på ser her folketomt ut, i og for seg eit postivit teikn, ofte dei mindre kjende og svoltne banda som leverar. Det sig no fram ein hop til scena so snart det byrjar. Framferd vert det av kveldens band som gjev sterkast inntrykk av å vera frå landets eldste by, ikkje mykje moderne greiar her, og det bandet som held det fastaste taket i sin valde sjanger. Dette er Black Metal som eg kan lika. Fin gamaldags, nokre få stopp er her òg, men musikken har eit solid trykk. Ikkje rå, heller ikkje glatt, men jamnt godt. Positivt overraska over at dei har droppa tangentinstrumentane, trengs ikkje heller, for Framferd greier å gjera mykje fint i
 gitarane, særleg han til høgre for publikum, hildrande riff og lead som får meg til å spissa øyrene og tenkja Sarkom. Trommeslagaren klagar over at vi er for stille (det er ikkje han, hehe), ja, me er seine i avtrekket, men eg påstår at her er gode attendmeldingar imillum låtane og triveleg headbanging i, og at settet kunne ha vara lenger.