RAISE THE DEAD FEST part 1 – dag 2 – Parkteatret

RAISE THE DEAD FEST part 1 – dag 2 – Parkteatret

2. dag

5141de5c3d28987b810d822c774b1cfd.jpgSodom
Asphyx
General Surgery
RAM
Raging Steel

Raging Steel opnar 2. dag, framleis har folk vanskeleg for å rekka buss og trikk, ser det ut som, for desse fem unge svenskane er det ingen grunn til å skippa. Thrash! Slik den var for 24 år sidan, og tydeleg prega av dei myrkare og meir fartsglade banda, Kreator, Dark Angel, Destruction, og burtetter. Du vert aldri lei av dette, det er noko særskild med slik Thrash Metal – energi og speleglede smelta saman. Raging Steel verkar ikkje særskildt scenevande i enda når dei er millum låtane, men dette forsvinn so snart dei er i gong med neste låt, og her har vi stundom desse grueleg gode gitarsveipa, desse hyperraske små Thrash-riffa som ikkje er dagleg kost på ei scene i dag. Storveges! Når dei går av kastar dei ut gratis promo'ar til publikum, so kvifor var du ikkje der allereie? Redd for å verta sliten, hæill?

41ae557ef1c6939a15760c5bf568ce30.jpgNeste er RAM, og no har eit markant inntrykk av lyden på Raise The Dead festa seg. Som tradisjons-Metal krev det, gjev miksen alle instrument rettferdug fordeling i motsetnad til mykje anna som kryp rundt umkring og kallar seg Metal-festival. Dette gjev eit herleg og ærleg preg på bandas framføringar. So òg med RAM, sjølv um bandet er kvelden snillaste i stilart, Heavy Metal som tangerar Thrashen, lèt dei tyngre og hardare enn mangt eit anna band eg har høyrt i tidas laup. Noko problem med lyd i starten er det denne gong, men vokalisten kjem i gong, og vi får kveldens andre konsert i den uheilage anden av God Gamal Heabanging Metal. I eit dvelande intermesso uti settet, held vokalisten ei lita tale for oss som endar med uppmoding til å headbange med; eg fell for grunngjevinga "Lat oss glömma all skiten" i dagleglivet og berre sleppa oss laus og digga! 

ab42ff0099a1d30b453c068ed84d3a41.jpgTil å vera ein sopass liten festival vantar ikkje det på overraskingar for meg. Denne gong er det General Surgery som gjev ein ypperleg uppvisning av Death Metal. Ikkje noko nytt band, dette, og lydfarge og riff er trygt plassert i svenske-tradisjonen. Annonsert som Gore Death Metal, men Gore-delen er meir for auga enn for øyra. Gjer ingenting, for i staden gjev dei frå seg intens høgtempo Death Metal, der eg fell særleg for dei lange låtane, her har vi ein trummis som verkeleg sveittar ut alt han har av adrenalin. Fri for monotone og kjedelege låtar, og fronta av ein sterk vokalist som held kokegryta godt i gong, svermar dei tre strengespelarane rundt einannan under låtane; trass i brutalitet og tempo greier bandet å føra seg som ein rørleg gjeng. Grum gig igjen av eit svenskeband, og eg lurar sterkt på kva det er med Sverige sidan det fostrar so mangt eit godt Metal-band. 

998c50a23896d396fdd03eee23f07d6b.jpgEin smilande Martin van Drunen kjem fram frå bak forhenget og dei nederlandske Deathmetallarane går i gong med ein konsert av det herleg brutale slaget som berre Asphyx kan gjera. So herleg at desse veteranane er attende i god gamal form!  Publikum får vanskeleg med å halda seg i ro, ein og annan finst att ståande eller liggande på scena millum bandmedlemane utan at dette sjenerar nokon av dei fire der uppe. Bob Bagchus sit og hamrar, stødugt uanstrengd, stundom smilande, både han og Martin synest verkeleg å trivast på Raise The Dead. Presenterar nyskiva og serverar gamlelåtar hand i hand utan å vika ein tomme frå det typiske Asphyx-soundet; Wannes Gubbels' bass er verdas grovaste, saman med gitarist Paul Baayens lagar han infernalsk strengelyd, tusen tonn tungt og samstundes tru til bandets puritanske kjerne. Mindblasting Death Metal, kombinasjon av granittriff ispedd skjerande soli og Martin's heilt-på-kanten-growling; dette gjev ein
 heilt spesiell uppleving av introvert helvete. Og desse taktskifta! Ikkje berre kjem dei brått båe vegar – frå høg- til mid-tempo som andre vegen – men slik dei veltar seg fram i tyngde er Asphyx som eit ovdigert villdyr i dødskrampe.    

1f6aae2033ff7a8f12253ba72961be4b.jpgSodom går på og leverar ein sann kanonade av ein konsert, kan ikkje hugsa å ha høyrt maken innan Thrash, og dei er tolv gonger betre enn seg sjølv i høve til Screamfest-gig'en i fjor, skulle ikkje tru det var same bandet. Ikkje surr og grums, berre beint fram beinhard skiten gamleskule-Thrash. Alle tre kjem tydeleg ut gjennum høgttalarane i ein skikkeleg grum-miks, utan at det lèt glatt på noko vis. Kvassgitar, bombebass og tordentromming i ein mektig Unholy Union. "Napalm In The Morning" kjem sendande for å setja stemninga, fylgjer upp med "Outbreak Of Evil", ikkje nokon grunn til å venta med den godbiten, tydelegvis. Langt uti kjem gamle delikatessar som "The Saw Is The Law"  – i hop med ein låt eg ikkje tok heilt (av på); "Obsessed By Cruelty"; og ikkje minst Motörhead's "Iron Fist", denne gong med Tore frå The Battalion på gjestevokal. God jobb der, å koma rett på og gjera vokalen harskt og livleg tolka. Har jo vist ved tidlegare
 høve å kunna ta slike jobbar før, han Tore, stikkord er føre Bömbers-konserten på Elm Street i romjula fjor, HAHAHAHA. Til og med dei nyare låtane og 90-talslåtane som lèt hardt, tydeleg at bandet har lagt seg på knus-i-grus-spirit'en frå dei tidlege åra i kveld. Skal ein pirka, saknar eg fleire "Obsessed By Cruelty"-låtar, det vert med tittelkuttet, eit tydeleg stilskifte kom jo etter den skiva, men bandet meistrar jo dei eldre låtane i kveld: Med "Blasphemer" synest eg konserten toppar seg – i den grad det er mogleg, for heile settet deira er so jamt sterkt gjennumført – men lell, på "Blasphemer" er vi på grensa til ei anna verd. Far side of the sun. Tom Angelripper & co. verkar å vera i storform, dei er på slutten av konserten like upplagte og speleglade som i starten. "Remember The Fallen" avsluttar, men alle i salen kjenner at ein er ikkje heilt ferdig enda, greitt nok å gjeva seg medan leiken er god, men i dette høvet er den
 for god til å avsluttast, og dei tre kjem på att og leverar to til med "Bombenhagel" som det endelege nådestøtet.  

Det var dèt! To grumme kveldar med Metal. Parkteateret har eit intimt lokale trass i scenestorleiken, her får du Metalen trykt inn i deg! Old School Booking's evne til å snusa fram gode band som stod godt til einannan trass i ulike Metal-stilartar er formidabel. I tillegg er det ein sjelerensande (eller -tilskitnande, um du vil) uppleving av Metal gjennum den før nemnde lyd-desken, føreslår den vert forgylla med lydmannskapar og alt.