RAISE THE DEAD FEST part 1 – dag 1 – Parkteatret

RAISE THE DEAD FEST part 1 – dag 1 – Parkteatret

1. dag

Manilla Road
Angelwitch
Tyrant
Salute
Waklevören

Me er brilleklare for ein ny festival, Raise The Dead. Denne gong på Parkteateret, ein konsertstad på Grünerløkka eg aldri før har vore på. Kjekt å koma seg ut or dei vante banane litt. Særleg når Old School Booking får fatt i slike band som spelar Metal, og ikkje berre latar som.

97f7e0cb928f58ef9871c72bbffffde7.jpgNoko venting før dørene opnast og konsertane kjem i gong men likevel mange som går glipp av Waklevören. Her er ikkje mykje folk enda, og synd er det, for dette er den beste konserten eg har høyrt av dei. Waklevören har eg til no assosiert med eit typisk klubbkonsert-band med jordnær, lun innstilling med mykje kommunikasjon med publikum midt i all faenskapen dei spelar. Å høyra dei på ei sopass stor scene har eg ikkje gjort før, men desse karane er so røynde at dette er inga utfordring for dei. Det lèt mektig brutalt, eit frontalåtak med vokal og instrumentar spreidd breitt utover oss tilhøyrarar. Gledeleg at dette gjer meir Metal i kveld enn dei kan gjera i eit hjørna av ein eller annan rockepub. Grumt! Tett fist in your face, med godt balansert lyd. Gorgon fornektar seg korkje i eller millum growlinga, underheld oss i Scorpions-trøye og spør det fåtallige publikum um det er morosamt å høyra Waklevören edru for ein gongs skuld. Ja!
 Det er det.  

9e8603558c1441910324148faa665f9f.jpgSalute frå England er neste, ein trio heilt ukjend for meg, og dette er for meg ein av dei mange overraskingane eg har kome over på konsertar her i hovudstaden. Verkeleg likandes konsert, med HARD, stødig og fokusert tromming som verkar å trivast godt saman med bassen, og saman lagar dei uthaldande, nær-suggerande Metal i midttempo medan gitaren lessar ut jamne famnar av fuzz ut or høgttalarane. Vokalen er hard og autentisk, tidvis melankolsk og heile tida på grensa til Black/Death Metal-vokal. Um uppskrifta kan verka enkel i desse lange, halvraske og rocka Doom-prega låtane, er dette fengjande, lyarvenleg og godt framført. Pure Metal rett frå kjellaren, og mykje kred til mannen bak trommesettet som greier å gjera mykje ut av kvar låt.        

1a8dfa4585baa36b0b3660f32ce682f1.jpgTyrant står for noko av den mest skitne Metalen i Old School Sweden, og det seier mykje! På ny får vi illsint tromming og gitaristen kvernar ut riff av den gode, gamle, herleg stygge arten. Tyrant er eit band som tek i mot kulturarven frå Bathory seriøst. Vokalisten lèt harsk i kveld, vandrar rastlaus rundt på scena og slabbar øl i milllum og under vokaliseringa. Dei legg seg i stilen som 80-tals ekstrem Black Metal, som Hellhammer, tidleg Celtic Frost i svensk lyd-innpakning. (Eg nemnde "dirty"). Låtar med tydeleg eigen identitet takka vera ei fandenivaldsk innstilling. Metal trygt halde saman av rytmene og aldri vert det aldri rølp, nei, dette er headbangervenleg, um bangepartia er stutte. Slepp deg laus frå all pyntemetal og dyrk dette!      

bbdf9d6e9b2f2c5a7b5231afdf823deb.jpgAngelwitch er fyrste av to legendariske band i kveld. Angelwitch var pionerar i å kobla tung Heavy Metal i dåtidas låtdrakt – sein 70-tal, tidleg 80-tal – med Kevin Heybourne sin reine vokal. Tidleg på'n i the New Wawe Of Britsh Heavy Metal var dei, og inspirerte langt hardare band, som til dømes Hellhammer. I kveld gjer Kevin Heybourne vokalen for meg overraskande sterk, og her i repertoaret ligg det mykje flotte låtar, "The Sorceress" og "White Witch" kjenner eg, kult. Noko overraskande at dei har to gitaristar, Heybourne hadde jammen meg greitt brasene åleine, og dermed ha ivareteke særpreget betre, spør du meg. Jævla hard Angelwitch-konsert får vi, i alle fall, og riffinga på det instrumentale partiet halvveges i settet er ypperleg. Likevel til å vera eit sopass innflytelsesrikt band verkar konserten å vera på det ordinære. Eg går ut og røyker, står der ute åleine og går glipp av låta "Angelwitch". Når konserten er over kjem
 den eine etter den andre av tilhøyrarane ut og godorda sprudlar ut: "dritbra", "faen så fett" etc… So vil du ha deg eit inntrykk av Angelwitch live får du gå på konserten sjølv.

bda90483368f9d51dab889dc0919e09e.jpgManilla Road er her, i Noreg, for fyrste gong. Noko eg aldri hadde trudd skulle skje, verkar liksom uuppnåeleg, dette bandet. Legendar! Fronta av Mark "The Shark" Shelton, ein guru av ein låtskrivar som har laga noko av det ypparste innan Heavy Metal si historie. Tenk berre på korleis låtane femnar um ymse stilartar innan Metal, alt innan eit særpreg av mystikk, myrke og episke låtarrangement. Og når dei her i kveld sparkar i gong med ein nyare låt, lèt det barskt og rytmisk frå fyrste stund. Sjølv um dei seinare albuma deira er av det sedate slaget, so er dei raskare låtane der berre å sleppa seg laus til. Bang on! Frå fyrste stund får vi ein hugtakande konsert!
Dei fylgjer upp med "Haunted Chapel", her, og seinare i settet, skal det visa seg at Bryan "Hellroadie" Patrick meistrar greitt den typiske Manilla Road-vokalen, den tynne, "nasale" røysta som Mark The Shark sjølv har slite sopass mykje upp gjennum tiåra at han no treng å kvila den, og som, det skal seiast, nok har gjort sitt at bandet har vorte ignorert av mang ein Metal-fan som elles skulle ha stor fagnad av denne musikken. Sjølv må eg seia at Mark The Sharks's vokal, som alle dei andre delane i Metalen deira, har vore eit grunnlag for ein originalitet ikkje noko anna band kunne stilla upp mot innan Heavy Metal heilt sidan Mark byrja å skriva låtar på slutten av 70-talet.      
Vi får ein nyare låt til, d. v. s. frå ein av dei to siste skivene, før vi er attende i 80-talet, som nok vert hugsa som Manilla Road's store periode for fansen. Mark The Shark er nok medveten um dette når han spør publikum um kva som er deira favoritt Manilla Road-skive, han får svar, og so spelar dei halve "Crystal Logic". Frontrekkjane i salen er heilt med, ein livat gjeng er det, og allsongen på "Necropolis" – og på "Astronomica" frå "Open The Gates" – vitnar um at mannen har treft godt i sitt repertoar. Denne allsongen kjenner eg stor glede over, tydeleg at eg ikkje har vore åleine over å digga dette bandet, lell. At "Necropolis" vart covra av dei  tyske Blackthrasharane Old på deira konsert i Oslo i 2006, tyder òg på at Manilla Road's innflytelse er å finna inn i Metal's meir ekstreme delar.
Mark sjølv syng berre stundom, helst i introar, men mykje av "Mystification" og heile "The Riddle Master" gjer han sjølv, tek seg elles av gitararbeidet, soloar kjem sikkert og vandt. Likevel er det faktisk den yngre delen av bandet, vokalisten og rytmistane som skal ha mykje av æra for konsertens høge nivå. Prikkfritt går det ikkje, Mark opnar ein låt med feil verselinjer, Cory Christner misser ei stikke under ein liten trommesolo, og Mark The Shark er for glad i å prate millum låtane på slutten, synest eg. Glad i gamle Noreg er han, kallar det like so godt sitt heimland. Og temaet halloween vert poengtert til dei gradar, er vel noko som upptek mannen som står for so mykje mystisk lyrikk. Rart at dei ikkje spelar "Sprits Of The Dead" i so måte, men det er uansett so mykje grumme spor eg kunne ynskt å høyra, eg kunne stått på Parkteateret ut året for den del.
Vi høyrer "Crystal Logic", "Flaming Metal System", "Road Of Kings", "Open The Gates", "Divine Victim"…  Herleg trygt låtval, for dei fleste Manilla Road-fans! Difor enda meir gledeleg at vi får "Cage Of Mirrors" frå andreskiva – låta er ei perle blandt perler, Mark syner fram dei klokkeklare Rush-inspirerte intro-riffa som um dei skulle ha kome rett frå skiva. Til ein slutt fire låtar meir eller mindre samanhengjande og dei kan nemnast slik: "Masque Of The Red Death By The Hammer Of The Witches Brew". Denne serien er True Class, ser ikkje ut som um ålderen tyngjer nokon her, for på "Death By The Hammer" går dei raske riffa greitt. So går bandet av, men berre ei urlita kunstpause før dei er kalla attende av folket i salen. Bryan Hellroadie har eit sterkt vokalrepertoar, greier greitt å gå frå den grove til den særmerkt tunne vokalen, dette kjem fram igjen på ekstranummeret, ein av dei nyare låtane. Men høyr! I desse nyare og mindre rocka låtane er likevel rytmene av eit avansert slag, mogleg ein arv frå den meir proga perioda tidleg i Manilla Road sitt liv – små skiftningar som bassist Vince Goleman og Cory meistrar godt. Verkar som um nye Mark The Shark har funne framifrå musikarar og konserten deira lever upp til dei på førehand store forventningane.
                       

Up The Hammers & Down The Nails!