ELECTRIC WIZARD – Oslo – Betong

ELECTRIC WIZARD – Oslo – Betong

South Of Heaven trår til med Doom Metal-kveld på Betong, Gledeleg mykje folk! I gong når eg kjem er…

96ce2391db0c504467e58e5daa41375c.jpg

Blood Ceremony frå Canada. Verkeleg likandes! Gamaldags Doom og stoner bygd upp rundt ein gitar, bass og trommer, enkelt og greitt. Pluss fløyta til den kvinnelege vokalisten – den fungerar fint i låtlandskapet utan at eg skal seia det same gjeld for tangentinstrumentet som står langt framme midt på scena, hadde helst sett det var ute or syn- og høyrevidde, men heldigvis vert det ikkje mykje forstyrrande. For Blood Ceremony meistrar å gjenskapa gamletida med 70-tals inspirerte låtar spelt i eit 80-tals lydbilete, meir hardt enn silketungt. Stenduge Black Sabbathske overgongar, men òg tilfelle med langsam, repeterande riffing. Likevel: Coven og tidleg Jethro Tull kan vera malar, låtane er fan so varierte. Og tromminga: særleg på sistelåta – som eg ikkje veit kva heiter, for eg veit ingenting i denne samanhengen – er herleg intense. Dette osar innleving og faen i ein sjeldfengd sterk grad.

46e03716571e16b823a7631974486e54.jpg

Electric Wizard. Ein vedvarande, timeslang råskiten lydvegg, tromminga held på og hamrar Metal. For her er ikkje dronetull, men dørene har slått att, Doom til helvete, ingen veg attende, du slepp ikkje ut. Electric Wizard. Ned. Langt nede, frå under kjellaren, all gru og faenskap kjem upp frå det nederste, upp i deg, upp i det du har hatt av ditt medvet, avlange rotne gitarparti der feedback'en går inn i ein del av det heile, den går inn i deg og du veit at med dette er alt du trudde var til over. Abandon all hope ye who enters here. Jus Oborn skrik ut dei siste desperate klagane, her er gitarsoli rett som det er, og djupe, suggerande rifftema, men det er vagt i all knusinga, meltinga. Ultradistortion supreme. Tak den siste øl, sig, eller joint of death. And of Doom, mest av alt. Og denne tromminga, den er her stadig og hånar den siste rest av det du trudde var, for du er ferdig. Den siste kverning av sjel og sansar, og Jus kjem attende og piskar restane. Trur du på framleis på "Gud"?