DEATHHAMMER – Oslo – Unholy

DEATHHAMMER – Oslo – Unholy

Lei av standardisert Bay Area Metal? Give me inconvinence or give me death! Hellstorm gjev deg begge delar, full vårflaum, skrikande Thrash, passe laus og likevel hardbanka; skiten og brutal nok til å golve den stødugaste. Midt uppi alt elegant klåre gitarsoli og leads. Ein Sabbatsk ande over konserten, japanarane vert covra minst ein gong so vidt eg kan forstå. Full pot(t) til trønderjapanarane. Hommelvika Weltherrschafft, og Slangen har bursdag tru kor gamal han vert.  

Det drygjer og dreg før Deathhammer får para fingrane og kome i gong. Men når dei kjem so kjem dei, her er all styggheita som trengs for treske ut hardmetall og spy den utover eit dansekåt publikum. Obey! Deathhammer Kjører Paa, som det heiter, golvet gyngar, mursteinane i veggane umstokkar seg, men for lange pausar i millum låtane. Daudshammarane meistrar òg å få riffa seg gjennum i ljoden, hildrande gitararbeid der!; fleire nye låtar, "Voodoo Rites", "Fullmoon Sorcery"; og kanskje "Army Of Death", ikkje so greitt å hugsa alt, hehe. Bandet er jo styrlaust galne, gjev ut to skiver på ein gong, både split-LP’n med brasilianske Nosferatu pluss albumet "Onward To The Pits". Satan. Som vanleg live har Sadomancer og Sergeant Salsten med seg Les Binks og David Knopfler på trommer og gitar, men det ikkje høyres slik ut. Og alle var einige um at det hadde vore ein fin tur.

http://www.facebook.com/deathhammerofficial