DISKORD – Oslo – Unholy

DISKORD – Oslo – Unholy

Alltid noko særskild når gode, lokale band gjev ut nytt album. Diskord har sleppelag og sleppedag for "Dystopics" som vert utgjeve på trommeslagar Hans Jørgen Ersvik’s eigen label No Posers Please! Records. Er berre å ha seg inn; Unholy summar av liv og røre.  

Ghoul Cult går i veg, med mykje lånte folk, bandet er vel berre han Johnny Tomthrasher (vokal) som samlar buskapen rundt seg for kvar konsert. To gitarar, Sergeant Salsten og Bowel Ripper, det er ein for mykje, dei kunne ha spela på skift. Det eg "meinar" er at Metal’en til Ghoul Cult har Det I Seg, you see, erkegamal Black Thrash, riff og rytme frå forna da’r. Bathory, Celtic Frost, Sodom. Nytast best i minimalistisk form. Didrik Telle på bass, lèt superb. Gromlåt etter gromlåt, dei lèt so enkle og lette og eg tenkjer: kvifor har ikkje nokon gjort slik før her på bjerget?  

Diskord er og vert eit kongeband live; ingen spelar so brutalt og uvanleg Death Metal, ofte saktegåande, og enda oftare uføreseieleg, er som dei uortodokse låtane forsterkar hardleiken. Enda dette ikkje er det ypparste lydformatet eg har sett bandet i og det går utover vokalyden hjå både Eivind og HJ. Likefullt vert ein dregen inn i dystopiane; kompromisslaust hardt og herleg depressivt med dette vesle ekstra som gjer at du kvesser øyrane. Flust med folk står framfor scena, i ro og fred; ikkje noko typisk pogeband, men headbanging er periodevis mogleg før tempo skiftar igjen. Fleire låtar frå nyskiva, dein er saktare enn "Doomscapes" sine, etter det eg kan uppfatta, men me får sjå. Bandet nyttar seg av ymse gjestearbeidarar undervegs, Jarle Storløkken på, hm, digeridoo, tidlegare gitarist Espen Hangård på råvokal, samt ur-gitarist Chris Myre.