VIRUS – Oslo – Revolver

VIRUS – Oslo – Revolver

Inn i bakgarden, ned den kolossale betongtroppa and into the dungeon; her er det Metal-kveld i regi av Proxy Management. Slaughter, Sabbat og gamal Voivod på anlegget og meir skal det verta når   Blood Tsunami står på scena, attuppstanden og revitalisert som fy faen. Med ny bassist: Karl.

Blood Tsunami er ein rettfram neve av knallthrash utan umvegar; burte er melodi-innsirklinga av det uvitande bytet, no går Metal’en deira rett til åtak på pulsåra, og bandet spelar berre nye låtar i denne nye stilen. Vokalen er ikkje lenger pakka inn i distortion, men rett frå levra autentisk og meir variert. Fire hakk meir aggressivt enn før, heilt herleg! Eg gledar meg over uppstandelsen. Hail Lazarus!  

Black Magic går på ikkje lenge etterpå; smart å ikkje venta for lenge, for holet er fullt av folk som ventar på denne trioen, og som storkosar seg under settet. Trass i at Black Magic ikkje er verdas mest aktive band, kjenner publikum til – og for! – muskken deira. Heavy Metal gjort på denne gamlemåten er me ikkje forvande med. Jon Doom (gitar og vokal), står fram tydelegare som vokalist i kveld, påstår likevel ikkje at denne konserten overgår Til Dovre Faller’s. Er hildrande den midtdelen av låta med twisted leads, backa upp av bassen og tromminga. Judas Priest’s "Starbreaker" covrast; låtane "Night Of Mayhem" og "Possessed" frå "Reap Of Evil" (2010) gjev Black Magic dette naturlege, Dooma preget, og kred igjen for den tunge, nærmast slepne tromminga til Sadomancer.  

Virus frå England har eg ikkje høyrd mykje av frå før; helst frå "Raped By Mutants" EP’n (2009) og fyrstealbumet "Pray For War" (1987). Dette bandet har sanneleg eit massivt uttrykk, stutthogd og breitt valsar det over oss på golvet, soli kjem glidande men sjeldfengd inni all lyden. Lèt nesten moderne, ikkje heilt min type Thrash, hadde venta meir punka sleaze. Anførd av Coke McFinlay på gitar og vokal gjev bandet ærlege og godt innbanka sakar, dette er ikkje gutar som tvilar på det dei gjer og eit langt sett gjev ålmugen valuta for pengane.  

Formidable! Slike kveldar vil me hugsa lengje etter me ha vorte lagt i grava.