THE BATALLION – Oslo – Unholy

THE BATALLION – Oslo – Unholy

Er heilt ukjend med Dømt, synes dette rockar bra; for mykje vokal i lengda, men er du glad i punka sakar med doble damevokalar er dette for deg. Sjølv synes eg det klaffar betre i gitarlyden, den bit godt i frå seg stundom. Og kred for punkish cool tromming. Som vanleg god og kompromisslaus lyd her i huset, fullt trykk, og utan ørepluggar bør du eigentleg ha litt fråstand frå scena. Kjedeleg sagt, men det skal høyrast konsertar seinare òg.  

På den annan side: Flee, cowards and nonbelievers! The Mighty Batallion hath cometh to town! I svarte helheimen kor heiltente og speleglade The Batallion er i kveld! Det rockar og rullar langt over mine forventningar, eit trykk og eit køyr du ikkje upplev i mange andre ølkjellarar i denne stund. Ikkje det "ondaste" bandet du veit um, i utgongspunktet. Men det høyres berre slik ut nett no. Rått! er det og skulle ikkje vera ein grunn til å halda seg unda Unholy i kveld; kombinasjonen Stud Bronson’s uppmuntrande låtintroduseringar og bandets hardkokte rock’n’roll Thrash lagar ei hyggjeleg begersvingande affære. Det vil ingen ende ta, men den kjem umsider og me kan flokka oss rundt bardisken att med fred i sjel og øl i glas.