WHIP + HEKSED – Oslo – Unholy

WHIP + HEKSED – Oslo – Unholy

Heksed spelar, slik eg ser det, i lendet til Grindcore, med riff og låtuppbyggjingar som er unna den klassiske grindinga; her kan ein høyra sære og interessante ting i gitar. Samstundes som nettupp gitar er ikkje nok framme i lyden, og det heile vert ei aning eller tre for tamt for meg; å leggja vokalen sopass mykje i front (i lyden) er heller ikkje eit must. Men det er meg; mange og kontante rytmeskifte i høgt tempo, og god skinnbanking der bak skulle tyda på at bandet har vit og røynsle på det dei driv med.  

Heller ikkje Whip greier å ruska meg overende i kveld, ikkje slik dei plar i alle fall, det skjer for lite der framme til at eg greier å finna noko å verkeleg slengja meg i taket; bandet har eit knippe nye låtar å presentera, album er på gong; men ikkje før "Violent Possession", og vidare utover i settet er bandet stort sett attkjennande; med høgt tempo i eit rivande driv og ikkje minst gitarriffinga hans Sturt, den er eigna til å kutta tvers gjennum den seigaste slimgjørme av puddeltullemetall og er ein grunn i seg sjølv til å få med seg Whip på ei scene near you.