PAUL DI’ANNO – Oslo – John Dee

PAUL DI’ANNO – Oslo – John Dee

Til eit festinnstilt og forventningsfullt publikum går bandet i gong med "The Ides Of March", Di’Anno sjølv kjem fram og dei glir over i "Wrathchild"; so langt heilt etter planen ideelt. Det som sler meg fyrst er det gode sound’et som John Dee gjev. Igjen. (Som Audiopain og Aura Noir i september. Nesten). Folka Di’Anno har med seg kan sine sakar, utan å vera eineståande; ikkje heilt den punka blues’en som prega albuma "Iron Maiden" og "Killers", teknikk og feeling vert aldri det same, her er ei aning for høgt tempo og sjefen sjølv kjeftevokaliserar i desse snøgge delane. Stundom droppar han heile verseliner likesogodt, publikum tek over, her Metal-utgåva av "Syng Med Oss".  

Det skal no seiast at mine konsertforveningar til eit slik repertoar, til ei slik stemning som klassikarane hadde, er enorme, burtimot endelause; og når gromlåtane kjem er det vantande vesle ekstra ikkje til hinder for nyting på høgt nivå. Metal! Legg inn eigne låtar undervegs i reperotaret, og dei kick’ar bra, men er jo ikkje difor me er komne, lell; "Murders In The Rue Morgue", "Killers", "Charlotte The Harlot" greier å rocka fletta av meg, for låtane er noko av det ypparste som er skapt her i verda. Meisteren gjev frå seg kongeleg vokal på dei låtane der stilen er meir blanda som på "Remember Tomorrow", her høyrer me kven har er, fleire nivå høgare og djupare enn etterfylgjaren i Iron Maiden. "Phantom Of The Opera" er eit høgdepunkt av dimensjonar og då snakkar eg ikkje um berre i kveld, men for heile året.

Dette her går langt betre enn på Club Maiden (RIP) i 2006, er vel den einaste artisten eg kan hugse som har overgått seg sjølv i høve til ein Club Maiden-konsert. Likevel, reperotaret dalar stygt mot slutten, helten er gammal og full, som meg, han greier ikkje å halda meg i lokalet til endes, noko som eigentleg ikkje er so vanskeleg. Det øvruge publikummet, derimot, er synbert takknemleg rocka og eg lurar på kvifor det ikkje fins fleire slike kveldar for oss som dyrkar dei gamle skattar.

Pentagram neste!